Utval for undervisning og internasjonalisering
Utvalet femner om fagkoordinatorar og programstyreleiarar knytte til LLE, i tillegg til tre studentrepresentantar. Utvalet blir leia av undervisningskoordinator ved LLE.
Main content
Felles e-postadresse til utvalet: uui-lle@uib.no
Spørsmål om saker, sakspapir, datoar m.m. kan rettast til leiar/undervisningskoordinator, eller til studieleiar, som er sekretær for utvalet.
Mandat for utvalet
Utval for undervisning og internasjonalisering.
Retningslinjer
Handsama og vedtatt i instituttrådet 28. november 2019.
1. Mandat for utvalet
Utvalet for undervisning og internasjonalisering (UUI) har etter vedtak i instituttrådet (sak 31/19) vedtaksmynde i studiesaker innanfor LLE sitt myndigheitsområde.
Utvalet arbeider for å oppfylle dei strategiske måla som er sett for undervisning og internasjonalisering på LLE. Utvalet arbeider aktivt overfor instituttleiar når det gjeld mål og ønske for dei langsiktige satsingane på LLE. Utvalet har eit overordna blikk på bruken av tilgjengelege undervisningsressursar på instituttet.
Studie- og emneplanendringar som er av vesentleg betydning på tvers av faga på LLE, skal takast opp til orientering og drøfting i UUI. Utvalet ser til at undervisninga blir evaluert i tråd med gjeldande retningslinjer. Utvalet kjem med innspel til dei halvårlege dialogmøta mellom fakultetet og leiinga på LLE.
2. Representasjon
UUI består av undervisningskoordinator, fagkoordinatorar og programstyreleiarar frå dei ulike fagmiljøa. Det er tre studentrepresentantar i utvalet. Lektorprogrammet i nordisk språk og litteratur er representert ved fagkoordinator i nordisk fagdidaktikk. Kvart fagmiljø må avgjere om dei skal vere representerte av fagkoordinator eller programstyreleiar når ikkje den same personen har begge funksjonane. Undervisningskoordinator er leiar for UUI, og studieleiar er sekretær.
Følgjande fagmiljø med respektive studieprogram er representerte i UUI.
• Allmenn lingvistikk, EXFAC00SK / Examen facultatum, Språkkunnskap
• Allmenn litteraturvitskap
• Digital kultur
• Klassisk filologi
• Kunsthistorie
• Nordisk litteratur, Norrøn filologi
• Nordisk språk, Norsk som andrespråk – teorifag
• Norsk som andrespråk – norskkursa
• Nordisk fagdidaktikk – lektorprogrammet
• Teatervitskap
3. Innkalling og referat
Det blir halde to til tre møte i semesteret. Ved behov blir det kalla inn til ekstra møte. Undervisningskoordinator har ansvar for å kalle inn til møte. Innkallinga skal sendast ut seinast tre dagar før møtet. Sakspapir kan ettersendast eller leggjast fram på møtet om nødvendig. Møteinnkalling og referat blir send til medlemmane på epost og publisert på heimesida til LLE.
Innkallingar og referat
Innkallingane blir sendt ut seinast tre yrkedagar før eit møte. Normalt kjem innkallinga ut i løpet av onsdagen før eit måndagsmøte. Melding av saker til møta skjer til undervisningskoordinator, eller til studieleiar, som er sekretær for utvalet.
2024
2. desember | Innkalling | Referat | |
21. oktober | Innkalling | Referat | |
2. september | Innkalling | Referat | |
10. juni | Innkalling | Referat | |
18. mars | Møtet blei avlyst | ||
5. februar | Innkalling | Referat |
2023
4. desember | Innkalling | ||
23. oktober | Gjort om til eit møte om studieporteføljeprosjektet | ||
4. september | Innkalling | ||
12. juni | Innkalling | ||
27. mars | Referat | ||
6. februar | Innkalling |
2022
5. desember | Referat | ||
24. oktober | Innkalling |
| Referat |
5. september | Innkalling | ||
13. juni | Møtet blei avlyst | ||
9. mai | Innkalling |
| Referat |
28. mars | Møtet blei avlyst | ||
7. februar | Innkalling |