Målføresamlinga
Eit arkiv med talemålsmateriale frå ulike delar av landet, men mest frå Vestlandet.
Main content
Målføresamlinga ved UiB går tilbake til Folkeminnesamlingi ved Bergens Museum, som blei grunnlagd av professor Torleiv Hannaas i 1921. Ho inneheld først og fremst materiale frå Vestlandet, det vil seie dei fire fylka Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Samlinga har blitt tilført materiale jamt og trutt frå starten av, men typen materiale har endra seg med den teknologiske utviklinga. Medan dei tidlege samlingane i stor grad var handskrivne oppskrifter av ymse slag, er det i dag i stor grad digitaliserte og transkriberte lydopptak som blir lagde inn i arkivet.
I dag omfattar oppskriftene sirka 10 000 sider med opplysningar og dialektanalysar; her er ordsamlingar på i alt 428 000 ord, og lydopptaka utgjer sirka 2000 timar frå tidleg på 1950-talet til vår tid.
Mykje av materialet er komme inn i samband med systematiske innsamlingsprosjekt, både slike Målføresamlinga har arrangert, og slike masterstudentar og doktorgradsstipendiatar har gjennomført i samband med avhandlingsarbeida sine. Dei siste åra har mykje materiale komme inn frå to NFR-finansierte prosjekt, Dialektendringsprosessar og Industristadprosjektet.
Frå 1.1.2014 er arkivet på vegner av LLE ansvarleg for UiB sitt bidrag til det NFR-finansierte prosjektet Language Infrastructure made Accessible (LIA), der målet er å bygge opp ein forskingsressurs som gjer alle talemålsressursar i Noreg tilgjengelege innanfor ein struktur.
Les meir om Målføresamlinga.