Home
The University Gardens

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there

Potetsamlingen i Botanisk hage

Botanisk hage begynte å samle på poteter i 1998. I samlingen finnes både gamle norske poteter og noen moderne sorter. Vi samler spesielt på blå poteter.

Main content

Potetplanta (Solanum tuberosum) kjem frå Andesfjella i Sør-Amerika. Planta tilhøyrer søtvierfamilien, der me og finn tomat og aubergine. Utanom rotknollane er potetplanta giftig. Arkeologiske granskingar viser at poteter har vore nytta i Andesfjella i minst 13.000 år, og dyrka der i minst 7.000 år. 

Herskarane i Inca-riket klarte å erobre nye områder fordi hærane bar med seg tørka poteter under marsjen. Dei la potetbitar til tørk ute i nattekulda, vatnet i potetene fraus og det skjedde ei frysetørking. Etterpå trakka dei potetene saman til ein tørr, svært haldbar masse av cellulose og stivelse (“Chuno”). 

Poteta kom til Norge rundt 1750. Det var prestar som spreidde poteta. Folk var skeptiske, men mange hadde skjørbuk og c-vitaminmangel, og poteta var næringsrik og enkel å dyrke. På 1800-talet blei poteta populær, spesielt etter at det blei lov å brenne sprit av poteta i 1816.

Potetene som me kjøper i dag er oftast kvite eller gulkvite i kjøtet. Det finst og poteter med blålilla kjøt. Desse var mykje vanlegare tidlegare, og det vert sagt at dei gamle “strilepotetene” var slike blå poteter. Blåfargen kjem av anthocyaniner.

Hvis du vil lese mer om våre poteter, kan du gå inn på vår nettløsning Garden Explorer: https://uib.gardenexplorer.org/