Home
The University Gardens

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there

Lyst rosa til mørk raudt i rhododendronskogen i Arboretet

Milde vårdagar driv no fram blomstrane på dei tidlege rhododendronartene frå Asia. Det er ekstra stas med desse tidlege og fine blomane som me no må ta oss tid å glede oss over, før hovudfloret til dei kultiverte sortane tar til om vel ein månad.

Store busker av gruppen Rhododendron oreodoxa vil du kunne sjå no både i...
Store busker av gruppen Rhododendron oreodoxa vil du kunne sjå no både i Nydalen og i artssamlinga ved Mørkevatnet
Photo:
Terhi Pousi

Main content

 

Ulempa med drivende klare soldagar om våren, kan vere frostnetter som gjerne følgjer med og kan spolere alle dei tidlege blomane som har opna seg. Derfor er det gunstig at plantene veks i furuskog, under trekroner som gir vern mot kulda.

Men det ser lovande ut for fyrstkomande helg, så legg du turen til Arboretet no, vil du finne fleire blømande busker i artssamlinga i furuskogen nordaust for Mørkevatnet.

Det er spesielt dei mørkeraude Rh. fulgens, Rh. barbatum og Rh. thomsonii som står i blom no i mars. Vidare er Rh. strigillosum og Rh. oreodoxa godt på veg, og vil vere på det finaste i byrjinga av april.

Rh. oreodoxa kan også sjåast i Nydalen der det elles er kultivarar av rhododendron som dominerer. Artssamlinga som har mest bløming no, ligg 500 m lengre nord.

Vi vil sette ut skilt med ekstra merking av buskene no i bløminga til dei tidlege artane. Sjå etter på karttavlene.