Meir om Målføresamlinga
Ved Målføresamlinga finst det talemålsoppskrifter av ymse slag, først og fremst frå vestlandske målføre, men òg ein del utanom det området.
Main content
Kontaktperson: Målføresamlinga er under flytting til Universitetsbiblioteket
For ein stor del er det systematiske oppskrifter etter Storm: Kortere Ordliste eller Hallfrid Christisansen: Spørjeliste ved gransking av vestnorske målføre. Elles er det oppskrifter av anna målføretilfang: rim, regler, ordtak, lydbandutskrifter og materiale til ordtilfangsstudiar. Dessutan finst notat om ymse målføre; kopiar av eldre oppskrifter i UBO si manuskriptsamling er her òg. Samlinga er sett saman av desse materialsamlingane (arkivomfanget av dei einskilde samlingane er gjeve opp i parentesen bak dei aktuelle samlingskategoriane - status pr. 31. juli 2000):
1) Oppskrifter (10 000 sider)
2) Lydband (1 500 timar)
3) Ordsamlingar (428 000 setlar)
4) Synopsar (6 mikrofilmar og 2 protokollar)
5) Ord- og emnesamlinga (8 000 spørjeskjema)
6) Kartsamlingar (41 kart)
7) Hovudoppgåver (292 band)
8) Katalog for målførearkivet (11–12 000 postar)
9) Dialektbibliografi (2633 titlar)
Til arkivet er det knytt ulike forskingsprosjekt. I åra 2000–2003 vert det t.d. utarbeidd målføregrammatikkar for einskildkommunar i Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane, og Møre og Romsdal på grunnlag av arkivmaterialet og nyare innsamlingar. Dei første dialektgrammatikkane vert lagde ut på Internett hausten 2002.
Arkvivet får stendig spørsmål om lokale talemål og talemålstilhøve frå lærarar, elevar, aviser, radio og den interessert allmenta. Interessa for talemål og dialektar er høg.
Utgangspunktet for Målføresamlinga er det store tilfanget Torleiv Hannaas (1874–1929) samla inn frå vestlandske og egdske målføre. Hannaas byrja ved Bergens Museum i 1914, først som stipendiat i vestlandsk målgransking. Han samla inn ordtilfang og ein del stadnamn, men aller mest arbeidde han med å skriva ned folkedikting på målføre. Desse oppskriftene etter Hannaas er i dag nytta til eit tesaurus-ordregister.
Hannaas skipa i 1921 Folkeminnesamlingi ved Bergens Museum, og han var styrar og einaste vitskaplege tilsett ved dette "instituttet". Etterfølgjaren hans ved Folkeminnesamlingi vart Gustav Indrebø (1889–1942), som arbeidde mest med stadnamnoppskriving.
Olai Skulerud (1881–1963) – professor i vestnorsk målføregransking 1944–51 – var den neste som konsentrerte seg om målføreinnsamling. Han reiste mykje og skreiv opp systematisk etter Storms kortare ordliste, og han fekk andre til å skriva opp og senda inn materiale. Han bygde seg opp eit nett av heimelsfolk som han sende ut spørjelister til. Skulerud sette òg i gang arbeidet med å ekserpera ordsamlingar. I samarbeid med Norsk Ordbok og med støtte frå NAVF i 1950–51 blei fleire ordsamlingar skrivne ut, og med dublett til ordsamlinga her, som ved dette tiltaket auka med 1100 setlar.
Ny teknikk kom òg. I 1948–49 fekk Skulerud spela inn dei første grammofonplatene med målføreopptak.
Ved utbygginga av Bergens Museum til Universitetet i Bergen fekk Folkeminnesamlinga fleire stillingar, og ho vart omgjord til Nordisk institutt. Materialarkiva vart etter kvart delte på tre samlingar, med éin amanuensis som ansvarleg for kvar. Folkeminnematerialet er seinare gått til Etno-folkloristisk institutt. Under Nordisk institutt ligg Stadnamnsamlinga og Målføresamlinga.
Første amanuensen med ansvar for Målførsamlinga var Gunnvor Rundhovde (1918–1987). Ho var den daglege leiaren frå 1956. Ho samla inn svært mykje materiale frå Hordaland, og ho har arbeidd ut ein eigen synopsis for dialektane i dette fylket.
I fem år frå 1954 til 1958 løyvde NAVF pengar til feltarbeid i samband med eit vestlandsk målføreprosjekt, som kom i gang etter initiativ frå professor Mikjel Sørlie. Hallfrid Christiansen utarbeidde Spørjeliste ved gransking av vestnorske målføre til dette føremålet, og studentar og lektorar gjode innsamlingsarbeidet.
I 1953–54 byrja første fotokopieringa av tilfang frå Norsk målførearkiv i Oslo. Det galdt oppskrifter frå vestlandske målføre. Norsk Ordbok i samarbeid med Universitetet i Bergen og Noregs lærarhøgskule fekk i 1964–68 løyvingar frå NAVF til å kopiera ordsamlingar frå Norsk målførearkiv. Hit til Bergen kom kopi av materiale frå vestlandske målføre og "tilgrensande dialektar i dalane austpå", og dessutan samlingane etter Hallfrid Christiansen frå Nordland. 105.900 ordsetlar kom til samlinga ved dette prosjektet.
I åra 1969–73 vert det samla inn terminologimateriale etter ei spørjeliste Gunnvor Rundhovde utarbeidde om ferdslevegar. Dette materiale er opphavet til samlinga "Ord og emne". I 1973 arrangerte instituttet første feltkurset med studentar, og frå 1973 stod Helge Omdal for årlege feltkurs. Ved desse kursa vart det gjort mange målføreopptak på lydband. Helge Omdal vart i 1972 amanuensis med ansvar for Målføresamlinga. Helge Sandøy hadde ansvaret for Målføresamlinga i perioden 1979–1995 og gjennomførte òg fleire feltkurs. Han utvikla dessutan datakatalogen for forsamlingane. I hans tid blei materialet frå det sosiolingvistiske prosjektet Talemål hos ungdom i Bergen overført til samlinga. Frå 1995 har Gunnstein Akselberg hatt ansvaret for Målføresamlinga. Stadnamnsamlinga og Målføresamlinga har for tida felles vikar i halv stilling.
Utanom det materialet som er samla inn ved tiltak frå instituttet, har Målføresamlinga fått oppskrifter, ordsamlingar, lydband og anna materiale frå hovudfagsstudentar og andre interesserte. Med tida er difor samlingane vortne nokså omfattande. Dei siste åra er det bandsamlinga som har vakse mest.