Beredskapsplanen gjeld for UiB-studentar som er i utlandet og skal gjere utanlandsopphaldet tryggare for dei. Den skal redusere risikoen for at alvorlege og uheldige episoder skal skje, i tillegg til å gje best mogleg assistanse til UiB-studenter i utlandet med behov for hjelp.
Ein føresetnad for at UiB skal kunne ta kontakt med studentar som er ute ved behov, er at dei ligg registrert på riktig måte i biletet "Utvekslingsperson" i FS:
Studentar som søkjer seg ut gjennom UiB sine avtalar, altså gjennom Søknadsweb, vert automatisk oppretta som "Utvekslingsperson" i FS, så sant dei ligg inne med rette verdiar i Søknad samlebilde til rett tid. Sjå kokeboka for utveksling for detaljar.
Studentar som reiser på feltarbeid, kurs, datainnsamling, praksis eller som reiser ut som freemover: her er instituttet studenten tilhøyrer ansvarleg for å opprette "Utvekslingsperson" i FS.
Gruppereiser: her er instituttet studentane tilhøyrer ansvarleg for å opprette "Utvekslingsperson"ar i FS.
Studentar som reiser ut får med seg UiBs beredskapsbrosjyre for utvekslingsstudentar.