Hjem
Forskningsgruppe for psykisk folkehelse

Sosial ulikskap og ungdom si mentale helse i eit livsløpsperspektiv

Hovedinnhold

Dei siste åra har det vore ei auke i forsking på sosial ulikskap og helse. Samstundes manglar vi framleis kunnskap om trendar blant ungdom i befolkninga. Ungdomstida er sentral i utvikling av ei rekke psykiske helseutfordringar og kan potensielt lede til sosiale ulikskapar i helse seinare i livet. For å fylle dette kunnskapsgapet, ønsker ein med studien å undersøke samfunnsmessige trendar i mental helse blant ungdom, samt å utvikle meir presise metodar for å måle sosioøkonomisk status blant gruppa.

Målemetodar er naudsynt for vidare kunnskapsutvikling. Framgang i feltet har så langt vore hemma av utilstrekkeleg kvalitet på dei tilgjengelege målemetodane. Når vi forskar på sosiale ulikskapar knytt til ungdom si mentale helse, må vi ha kvantitative indikatorar for familievelferd. Føretrekte indikatorar er inntekter og utgifter i familien. Vi har sett at ungdom imidlertid kan ha vanskar med å gje korrekt informasjon om føresette si inntekt. Når studiar omfattar sjølvrapportering av ungdom utan føresette som informantar, er det difor behov for meir tilpassa indikatorar. Ved å utforske kvalitet på tilgjengelege indikatorar for sosioøkonomisk status blant ungdom, og ved å utvikle nye indikatorar tilpassa ein nordisk kontekst, vil studien bidra med metodisk utvikling. Dette vil auke validitet på forskinga innan feltet.

Studien er ein del av prosjektet "LONG/TRENDS" og vil fokusere på WP3: Mental helse og sosial ulikskap; nasjonale og nordiske trendar; målekvalitet og validitet. Data stammer frå undersøkinga «Helsevaner blant skuleelevar» (HEVAS).