Climate humanities – kva kan humanistisk kunnskap gjera for klimakrisa?
Velkomen til gjesteførelesing med professor Sverker Sörlin, nyslegen æresdoktor ved UiB.

Hovedinnhold
Dei siste åra har mange humanistiske forskarar byrja å studera klimakrisa. Dette er del av ei generell orientering mot såkalla integrativ humaniora. Men for mange er det framleis vanskeleg å få grep om korleis humanistisk kunnskap kan bidra til å forstå klimakrisa på same måte som kunnskap innan for eksempel meteorologi, åtferdsvitskap, teknologi eller økonomi. Dette gjeld også mange humanistar, som har vanskeleg for å identifisere seg som relevante bidragsytarar til praktisk kunnskap for å påverke store problem knytt til miljø og klima. Korleis kan vi tenke på desse problema? Er det ønskeleg at humanistisk kunnskap vert utvikla i denne retninga? Korleis kan dette skje? Kva er utfordringane?
Sverker Sörlin er professor i miljøhistorie ved KTH og medlem av Climate Policy Council.
Alle interesserte er hjarteleg velkomne!
Relevante tekstar:
- Sörlin, Sverker, "Reconfiguring Environmental Expertise", Environmental Science and Policy 28(2013):1, pp. 14-24.
- Sörlin, Sverker, "Humanities of transformation: From crisis and critique towards the emerging integrative humanities", Research Evaluation, 27(2018):4, pp. 287–297.
- Sörlin, Sverker & Melissa Lane, "Historicizing Climate Change –Engaging New Approaches to Climate and History", Climatic Change, 151(2018):1, pp. 1-13.