Hjem
Det humanistiske fakultet
formidlingsprisen 2023

Formidlingspris til språkentusiastar

Det humanistiske fakultet sin formidlingspris vert tildelt Revisjonsprosjektet for innsatsen med å gjere norsk språk og språkforsking tilgjengeleg og engasjerande for et breitt publikum.

Seks personer sitter i en sofagruppe og smilet mot kamera
Sju leksikografar er tilsette for å revidere ordbøkene, frå venstre Anne Engø, Gunn Inger Lyse, Terje Svardal, Bente Selback, Klara Sjo og hovudredaktør Margunn Rauset. På bildet manglar Kari-Anne Selvik.
Foto/ill.:
Ingrid Endal

Hovedinnhold

Ikkje berre har dei tilsette i Revisjonsprosjektet arbeidd seg gjennom både Bokmålsordboka og Nynorskordboka, bokstav for bokstav, ord for ord, og utvikla ei ny nettside frå botnen saman med Språksamlingane og IT-avdelinga (ved sida av å publisere vitskaplege artiklar og anna):

Dei har også gjort ein eineståande innsats med å formidle kunnskap om det norske språket, om ord og uttrykk og alt som høyrer til, i mange ulike kanalar.

– Vi har det veldig kjekt på jobb, og vi som jobbar her, har ei genuin språkglede. Formidlinga syner noko av det fine med å halde på med ordbokarbeid – vi har lyst til å dele alt det artige vi kjem borti i løpet av arbeidsdagen, seier prosjektleiar Margunn Rauset.

Gøy med ord og uttrykk

Og det er ikkje berre revisjonsgjengen som synest at ord er gøy.

Leksikografane si formidling bidreg til interesse for språket vårt gjennom artige videosnuttar, dei er hyppige gjestar i NRKs radioprogram «Språksnakk», dei har vore med i Eides språksjov på NRK TV, er stadig gjestar i Studentradioen, og stiller villig vekk til intervju i både lokale og nasjonale media.

– Vi får ofte invitasjonar til å fortelje det vi kan om ord og ordbøkene, og har besøkt alt frå skuleklassar, bibliotek og rotaryklubbar, til ulike faglege fora, som Arendalsveka, nynorskdagar og konferansar, og vi gir også førelesingar ved høgskular og på universitetet, fortel Rauset.

Dei opererer med ein imponerande fagkunnskap og sjeldan evne til å forklare vanskelege spørsmål, men aller mest har dei eit fantastisk engasjement som alltid smittar over på tilhøyrarane.

– Det er viktig å understreke at det vi driv med, er forskingsformidling. Det er språkvitskap som er faget vårt, og der driv vi ikkje med synsing. Vi lagar dei mest brukte ordbøkene i landet, seier Rauset.

Ordbøkene må halde tritt med språk og samfunn

Revisjonsprosjektet handlar i utgangspunktet om å oppdatere innhaldet i Bokmålsordboka og Nynorskordboka – og ei revidering av ordbøkene må til, då mykje har endra seg i det norske språket sidan 1986, då ordbøkene først blei trykte.

For nokre ord treng ordartikkelen, forklaringa på kva ordet tyder, ei oppdatering. Betydninga av ord kan også endre seg over tid. 

– Ein karamell er ikkje berre ein karamell, ein karamell kan også vere eit kraftig slag på nasen, eller ei belønning. Vi må gje gode eksempel på korleis orda blir brukte og kva dei betyr i ulike samanhengar, forklarar Rauset.

Det norske språket har endra seg, men det har samfunnet også, og mange nye ord har kome til. Leksikografane i prosjektet tek inn ord som har etablert seg i språket over tid, ikkje berre i ei lita gruppe brukarar, eller i ei kort periode.

– Her er det mykje moro å hente. Vi har gode diskusjonar om kva ord som fortener å bli ordbokoppslag.

Det norske språket er unikt

Den digitale løysinga gjer ordbøkene.no enkle å bruke og er ein viktig kunnskapsressurs for alle som les og skriv norsk. Ordbøkene, no også med ukrainske hjelpetekstar, har over 50 millionar søk i året og vert brukt av heile befolkninga, frå skoleungdom til kryssordløysarar.

– I sjølve ordbøkene må vi skrive enkle tekstar slik at både 14-åringen og 84-åringen forstår. Ordbøkene skal vere tilgjengelege for alle, det er viktig, påpeikar Rauset.

Ordbokredaktøren ser at 20% av brukarane av ordbøkene ikkje har norsk som førstespråk. Då har dei eit ansvar for at dei som skal lære seg norsk, forstår det redaktørane skriv. Målet deira er at ordartiklane skal bli lettare å lese.

– I arbeidet vårt ser vi at det norske språket er unikt, og at det duger i alle samanhengar. Den språklege kreativiteten er vidunderleg, vi kan lage dei orda vi treng når det oppstår noko, og finne nye samansetjingar.

– Det er viktig og fint å kome på nye ord, seier Rauset med eit stort smil.