Bytte av studieprogram ved Det humanistiske fakultet
Studentar på årsstudium, bachelorprogram eller profesjonsstudium kan søke om intern overgang til fleire bachelorprogram ved HF. Det er også mogleg å søke om intern overgang til andre fakultet.

Hovedinnhold
Går du på eit årsstudium og ønskjer å fortsette studia på eit bachelorprogram? Eller kunne du tenke deg å gå på eit anna bachelorprogram? Ordningen med intern overgang gir studentar høve til å bytte studieprogram.
Kven kan søke om overgang?
Dersom du søker overgang frå eit bachelorprogram, integrert masterprogram eller profesjonsstudium, må du ha minimum eitt heilt semester med gyldig studierett igjen på programmet du går på. Dersom du søker overgang frå eit årsstudium, kan du søke også i det siste semesteret på årsstudiet.
Studentar med andre studierettar kan diverre ikkje få innvilga overgang.
Søke overgang frå eit anna fakultet
Studentar med studierett på program ved andre fakultetet kan søke overgang til bachelorprogramma som er opne for overgang på HF. Ved intern overgang til eit nytt bachelorprogram avsluttar vi den noværande studieretten din. Ikkje søk overgang dersom du vil behalde studieretten du allereie har.
NB: Studentar med gyldig studierett på eit studieprogram ved eit anna fakultet treng ikkje søkje om overgang berre for å ta enkelte emne på bachelornivå ved HF. Eventuelle unntak frå dette vil gå fram av emneomtalen. Dersom du vil ta enkelte emne ved HF, treng du berre å undervisnings- og vurderingsmelde deg i emnet du ønskjer å ta.