Hjem
Det humanistiske fakultet

Godkjenning av tidlegare utdanning

Du kan søke om å få bruke anna utdanning som del av bachelor- eller mastergraden din ved Det humanistiske fakultet. Dette gjeld både norsk og utanlandsk utdanning.

Studenter ved HF-bygget
Har du studert ved ein annan utdanningsinstitusjon før du begynte på UiB? Søk om godkjenning av tidlegere utdanning.
Foto/ill.:
Emil W. Breistein

Hovedinnhold

Godkjenning av ekstern utdanning

Dersom du skal reise på delstudium i utlandet gjennom ein UiB-avtale, finst det eigne godkjenningsprosedyrar.

Om du har utdanning frå ein annan norsk utdanningsinstitusjon som du vil søke om å få bruke i graden din ved UiB, vil vi normalt kunne hente inn resultata frå andre norske lærestader. Du treng då ikkje å ettersende/vise fram original dokumentasjon.

Du kan sjekke om resultata dine er tilgjengelege i vitnemålsportalen. Dersom du finn resultata dine der, vil vi også ha tilgang til dei i vårt system.

Ved utanlandsk utdanning må du normalt vise fram original dokumentasjon. Det er viktig å kunne dokumentere heile utdanninga med karakterutskrift og/eller vitnemål som viser omfang, nivå og innhald av utdanninga. Ta med originaldokumentasjonen til Infosenteret ved HF for skanning/kopiering.

Du finn søknadsskjema til høgre på denne sida. 

Innpassing av examen philosophicum eller innføringsemner

Dersom du har fullført examen philosophicum (ex.phil.) og /eller innføringsemner ved eit anna fakultet ved Universitetet i Bergen, vil dette vere godkjent også dersom du byter til eit studieprogram ved Det humanistiske fakultet.

Dersom du skal søke om innpassing av ex.phil. og/eller innføringemner vel «Innføringsemner» i søknadsskjemaet som du finn til høgre. 

For informasjon om reglar i høve innpassing av ex.phil./innføringsemner., sjå Forskrift om studium ved Universitetet i Bergen.