Framdrift og rapportering
Forskarutdanninga er normert til 3 år. God framdrift er naudsynt for å kunne fullføre på normert tid.
Hovedinnhold
Ph.d.-registrering i Studentweb
Alle UiB sine ph.d.-kandidater skal registrere seg i Studentweb kvart semester og stadfeste kor vidt dei er er aktive i forskarutdanninga. Frist for registrering er 1. februar og 1. september.
Registreringa skjer i Studentweb. Her kan du halde oversikt over informasjon som er relevant for ph.d.-utdanninga og kontaktinformasjonen som er registrert om deg. Ved fullført registrering vil du få tilsendt ei kvittering på e-post.
Start registreringa
Du kan logge på Studentweb enten med pålogging via Feide (brukernavn og passord), PIN-kode og fødselsnummer eller ID-porten/MinID.
For å logge på med Feide må du alt ha oppretta brukarkonto. Dette blir normalt gjort i regi av instituttet/senteret i samband med tilsetting eller opptak til ph.d.-programmet. Dersom du vil du logge på med PIN-kode men har gløymt den, kan du velge å få tilsendt ein ny frå påloggingssida til Studentweb.
1. Rettar og plikter
Her stadfestar du at du har lest og forstått rettar rettar og plikter du har som ph.d.-kandidat ved UiB.
2. Utdanningsplan
Utdanningsplanen er i utgangspunktet ein avtale mellom deg som ph.d.-kanidat og UiB, for å sikre at du kan gjennomføre utdanninga på avtalt tid. Sidan utanningsplanen for ph.d.-kandidatar er svært individuell og mange kurs har påmelding via e-post, fungerer den ikkje så godt som planleggingsverktøy. I samband med ph.d.-registreringa ber vi difor om at du godkjenner utdanningsplanen slik den framstår, og tek opp eventuelle avvik med ph.d.-koordinator/-administrator ved ditt institutt/senter.
3. Status og oversikt
Her finn du ei oversikt over kva for emne du har tatt, planlegg å ta, og hva du må gjere for å fullføre utdanningsplanen din.
Du vil oppleve at du får opp varseltrekantar som fortel at du har manglar i utdanningsplanen din. Dette er fordi ikkje alle emne ligg i planen din enno. Etter kvart som emne blir lagt inn i utdanningsplanen din, vil varseltrekantane forsvinne.
Punkt 3 inneheld også ei fane som heiter Ph.d. Denne viser blant anna informasjon om registrerte rettleiarforhold, og utløpsdato for studieretten din. Fana inneheld også informasjon om permisjonar, men det er dessverre berre sluttdatoen som er korrekt i høve kalenderen.
4. Min profil
Steg 4 viser ein oversikt over din kontaktinformasjon, som adresse, telefonnummer og e-post. Pass på at informasjonen UiB har om deg her er oppdatert.
Øvst finner du studentnummeret.
Det er også her du endrar PIN-koden din om du ønsker det. Det er den du for eksempel bruker sammen med studentkortet ditt for å komme inn i bygg og rom.
Du må velge ditt hovudbibliotek. Du kan bruke alle bibliotekene på UiB, men på Studentweb vel du det bibiloteket der du hentar bøker som du har bestilt. Det er mest vanlig å velge det biblioteket som har bøker innenfor ditt fag og som er nærmast der du studerer til dagleg.
5. Kvittering
Kvitteringa viser kva emne du er meldt til dette semesteret. Du mottar i tillegg kvittering på e-post. Det går fram av punkt 2 at innhaldet i denne kvitteringa ikkje må tilleggast avgjerande betydning.
Opplæringsdelen
Opplæringsdelen består av obligatoriske og frie (kandidatspesifikke) kurs. Alle kandiatspesifikkekurs må godkjennast av rettleiar og forskingskoordinator/instituttleiar. Godkjenning blir gitt på eige skjema og på grunnlag av godkjent dokumentasjon. Godkjente kurs vil etter registrering bli synlege i Studentweb. Rutinen for slik godkjenning er skildra her.
Vanlege spørsmål
Kva med kurs som er tatt utanfor UiB
Dokumentasjon på alle ekterne kurs som skal innpassast som ein del av opplæringsdelen må sendast til relevant institutt umiddelbart etter at kurset er sluttført. Etter innpassing vil disse kursa bli synlege i Studentweb.
Må kandiatar som har fått godkjent opplæringsdelen, likevel registrere seg?
Alle kandidatar skal registrere seg. Dersom du alt har fått godkjent opplæringsdelen treng du å kontrollere at informasjonen som fakultetet har registrert på deg er korrekt.
Kan ein bruke Studentweb utanom den ordinære registreringsperioden?
Det er framleis mogleg å melde seg opp til visse forskarutdanningskurs via den samme portalen etter dei semestervise fristane.
Skal ph.d.-kandidatar betale semesteravgift?
Ph.d.- kandidatar er normalt ikkje å rekne som studentar, og skal dermed ikkje betale semesteravgift.
Årleg framdriftsrapportering
Ph.d-kandidaten og hovudrettleiaren skal kvart år levere separate skriftlige rapportar om framdrifta i forskarutdanninga. Forsknings- og innovasjonsavdelinga ved UiB sender kvar haust haust ut ein e-post med lenke til rapporteringsskjemaet. Fristen for innlevering er 1. november. På ansattsidene kan du lese meir om framdriftsrapporteringa.
Midtvegsevaluering ved HF
Kvar ph.d.-kandidat skal gjennomgå ei midtvegsevaluering. Som hovedregel skal midtvegsevalueringa inkludere faglige innspel frå forskarar innanfor ph.d.-kandidaten sitt eige fagfelt og tilgrensende fagfelt.
Retningslinjer: Retningslinjer for midtvegsevaluering av ph.d.-kandidatar (pdf)
Om evalueringa
Alle ph.d.-kandidatar blir kalla inn til midtvegsevaluering halvvegs ut i prosjektperioden. Målet er å bidra positivt til at ph.d.-kandidatar gjennomfører forskarutdanningsløpet sitt på normert tid og med vellukka resultat.
Evalueringa går konkret ut på at ein evaluerer korleis det går med eit prosjekt ved å sjå på framdrifta i forhold til framdriftsplanen. Dersom det er naudsynt blir det utarbeidd ein plan for vidare arbeid. Evalueringa skal òg fange opp utfordringar tidleg nok til ein kan sette inn tiltak som skal hindre forseinkingar og fråfall.
Det er institutta og sentra som er ansvarlege for den praktiske gjennomføringa av midtvegsevalueringa ved Det humanistiske fakultet.
Kandidatane leverer ein forenkla framdriftsrapport det året midtvegsevalueringa finn stad.
Grunnlag
Grunnlag for midtvegsevalueringa
1. Forskrift for graden ph.d. ved Universitetet i Bergen: om midtveisevaluering (§ 6-3)
Alle kandidatar skal gjennomgå ei midtvegsevaluering. Som hovudregel skal midtvegsevalueringa inkludere faglige innspel frå forskarar innan kandidaten sitt eige fagfelt og tilgrensande fagfelt. Midtvegsevalueringa har som hovudmål å hjelpe kandidaten til å identifisere forhold som medfører risiko for at prosjektet stansar opp eller blir forseinka, samt å gi innspel som kan auke kvaliteten i arbeidet. Fakultet, rettlaiar(ar) og kandidat pliktar aktivt å følgje opp forhold som kan medføre fare for forseinka eller manglande gjennomføring av ph.d.-utdanninga, slik at utdanninga, så langt som mogleg, kan bli gjennomført innanfor normert tidsramme.
2. Ph.d.-program ved Det humanistiske fakultet: om midtveisevaluering (pkt. 3.3.)
- Alle ph.d.-kandidatar ved UiB skal gjennomgå ei midtvegsevaluering.
- Hovedmålsetnad: Å identifisere forhold som medfører risiko for at prosjektet stanser opp eller blir forseinka, samt gi innspel som kan auke kvaliteten i arbeidet.
- Det er grunneiningane sitt ansvar å kalle inn til midtvegsevaluering.
- Midtvegsevalueringa finn stad når kandidaten har kome ca. halvvegs i perioden for doktorgradsarbeidet.
- Midtvegsevalueringa foregår i eit møte med kandidaten der grunneinga si leiing, fagkompetanse og administrasjon er representert.
- Fagkompetansen skal bestå av minst éin fagperson i tillegg til rettleiar(ar).
- Administrasjonen er representert ved grunneininga sin ph.d.-koordinator eller tilsvarende.
- Kandidat og hovudrettleiar skal før møtet levere kvar sin rapport som gjer greie for status i avhandlingsarbeidet.
- Kandidaten skal i tillegg levere tekst og gi ein munnpeg presentasjon. Teksten og presentasjonen sitt omfang blir bestemt av kandidaten sitt fagmiljø.
Innkalling og rapportering
Innkalling og rapportering
Instituttet varslar kandidatene om evalueringa ca. 6 måneder på førehand, og sender ut formell innkalling til kandidat og hovudrettleiar 3 veker før møtet skal finne stad. Ph.d.-kandidat og hovudrettleiar må levere inn kvar sin skriftlege statusrapport seinast ei veke før evalueringsmøtet (maks 5 sider). Desse rapportane skal leverast til midtvegsevalueringskomiteen.
Rapportane skal gjere greie for:
- kva som er gjort med tanke tanke på opphaveleg framdriftsplan i tillegg til å vurdere prosjektutviklinga i lys av denne. Ein bør legge vekt på årsakar til kvifor eit prosjekt har vorte forseinka.
- eventuell produksjon av artiklar, konferansedeltaking og liknande (gjeld berre kandidaten)
- innhald i rettleiinga fram til evalueringstidspunktet, som til dømes kor mykje rettleiing, hovudtema i rettleiinga og ei vurdering av rettleiinga.
- oversikt over gjennomført opplæringsdel før evalueringa (gjeld berre kandidaten)
- oppdatert framdriftsplan med forslag til tiltak der prosjektet er forseinka.
Møte
Midtvegsevalueringsmøte
Midvegsevalueringsmøtetet er eit timelangt møte med ph.d.-kandidaten, hovudrettleiar og midtvegsevalueringskomiteen. Ein tar utgangspunkt i dei innleverte rapportane og målet er konstruktive diskusjonar kring desse og prosjektet.
Både kandidat og hovudrettleiar får tilbod om åleinetid med komiteen.
Det skal skrivast referat frå møtet i eigen mal
Det skal framgå om progresjonen er tilfredsstillande/ikkje tilfredsstillende. Konklusjonen skal grunngjevast. Eventuelle tiltak skal konkretiserast, også med omsyn til ansvar for oppfølging. Alle møtedeltakerne skal signere referatet, som saman med rapportane skal arkiverast som konfidensielle og leggast fram for forsknings- og forskerutdanningsutvalet som orienteringssaker.
Oppfølging
Oppfølging av kandidatar som ikkje viser tilfredsstillande progresjon
Midtvegsevalueringa bør resultere i ein tidsavgrensa oppfølgingsplan for kandidatar som ikkje tilfredsstiller forventa progresjon.
Evalueringskomiteen
Ved institutta består komiteen av representant for instituttleiinga, forskingskoordinator og forskingskonsulent eller forskarutdannings-konsulent (sekretær).
Ved sentra utgjer komiteen senterleiar, ein fagleg tilsett utpeika av senterleiar, og administrasjonssjef (sekretær)
Dersom instituttleiar eller senterleiar sjølv er rettleiar, oppnemner prodekaen ny leiar for komiteen.