Lektorseremoni 2023
God stemning og høg bunadsfaktor då lektorstudentar frå både 5-årige lektorutdanning og praktisk-pedagogisk utdanning hadde avslutningsseremoni 9. juni 2023.
Hovedinnhold
108 studentar og 160 gjester møtte til lektorseremonien som vart arrangert på Scandic Bergen City 9. juni og mange stolte foreldre sola seg i glansen av son eller dotter.
Studentane fekk servert fine ord frå både interne og eksterne tilsette i lektorutdanninga. Leiar for lektorsenteret, Endre Brunstad, kunne i sin tale fortelje at UiB sine lektorstudentar er attraktive på arbeidsmarknaden og Merethe Foer (praksiskoordinator og lærar ved Nordahl Grieg vgs.) kunne gi studentane nokre gode tips på vegen ut i klasseromma.
Årets studenttalarar var Sigrid Thorsen Baarnes frå 5-årig lektorstudie og Thea Helene Hansen & Henriette Skjelstad Fritz frå PPU-studie. Dei kunne fortelje frå studietida om både oppturar og nedturar, nye venskap og spenninga ved å vere ferdig utdanna og på veg ut i arbeidslivet.
Det var Lars Petter Storm Torjussen (professor, Institutt for pedagogikk) som var konferansier og som losa forsamlinga gjennom programmet på ypparleg og humoristisk vis.
Studentane gav uttrykk for at dei har hatt ei god tid ved UiB. Nokre ville ta eitt fag til, medan andre gleda seg til å kome ut i skulen.