Lektorlunsj
Lektorsenteret ynskjer å invitere studentar og tilsette i lektorutdanninga ved UiB til lektorlunsj den 23. april!

Hovedinnhold
Lektorlunsj skal vere eit uformelt samlingspunkt for både studentar og tilsette i lektorutdanninga ved UiB. Det vil gjerne førekomme ein kort presentasjon av eit tema, medan hovudfokuset vil vere på det sosiale på tvers av fakultet, program og posisjon.
23. april arrangerer me ny lektorlunsj og Melissa Geelmuyden Andersen (doktorgradsstipendiat i sosiologi) vil komme og snakke om utvikling av læraridentitet i grunnskulelærarutdanninga ved HVL og i den integrerte lektorutdanninga ved UiB.
For Melissa er det tydeleg at dei to utdanningane ikkje uteksaminerer den type lærarar og lektorar som det er meininga at dei skal forme. Kan kan årsaka til dette vere, og kva konsekvensar kan det få?
Dette er tema og spørsmål som bør fenge og interessere mange i lektorutdanninga og me håpar å sjå dykk denne dagen.
Lenke til påmeldingsskjema finn du på høgre side.
Det vil blir servert vegetarisk lunsj, kaffi og juice.
Det er ei målsetting å etablere lektorlunsj som eit regelmessig arrangement, men deltakinga i oppstarten vil avgjere hyppigheita. Det er og ynskjeleg med innspel frå både studentar og tilsette om aktuelle tema eller innleggarar, eller om det er nokon som sjølve ynskjer å presentere eit tema, eit utkast til masteroppgåve el.l.