Reglement
Vedteke av instituttrådet 21.10.21, IR-sak 22/21
Hovedinnhold
Formål
Instituttrådet er det øvste representative organet ved LLE. Rådet gjer vedtak for instituttet på viktige saksfelt, gjev råd til instituttleiaren og verkar elles som eit kontakt- og kommunikasjonsorgan for alle faggrupper og stillingskategoriar ved instituttet, medrekna studentane. Medlemene av instituttrådet ser ikkje seg sjølve som partsrepresentantar, men arbeider til det beste for instituttet som heilskap.
Storleik, samansetning og val
Instituttrådet ved LLE har 11 representantar og er samansett slik:
- I alt fem representantar for fast tilsette i undervisnings- og forskarstilling, pluss instituttleiaren (gruppe A)
- Ein representant for dei mellombels tilsette i undervisnings- og forskarstilling (gruppe B)
- Ein representant for dei teknisk og administrativt tilsette (gruppe C)
- Tre studentrepresentantar (gruppe D)
Funksjonstida er fire år, likevel slik at representantane for gruppe B og D vert valde for eitt år, jf. valreglementet.
Nestleiaren ved instituttet er vara for instituttleiaren.
Instituttleiaren går inn i gruppe A som leiar av rådet og legg fram sakene. Administrasjonssjefen er sekretær for instituttrådet, men kan delegera oppgåva.
Valstyret ved LLE har ansvaret for at vala i gruppene A, B og C går rett for seg.
Kompetanse og ansvar
Instituttrådet skal behandla, gjera vedtak på vegner av instituttet og gje innstilling til fakultetet eller anna overordna organ i saker som gjeld:
- Strategi- og resultatdokument som vert utarbeidde av instituttet
- Eventuelle omstillings- og omorganiseringsplanar
- Budsjettframlegg, årsbudsjett og årsrekneskap
Instituttrådet ved LLE har valt å delegera ansvaret for undervisningsadministrasjonen til Utvalet for undervisning og internasjonalisering (UUI). I alle andre saker er instituttrådet eit rådgjevande informasjons- og kontaktorgan mellom instituttleiaren, dei tilsette og studentane.
Saksbehandling og møtepraksis
Møta i instituttrådet er opne. Rådet behandlar ikkje personalsaker.