Mesterklasse - Pernille Reitan Jensen
Esther Tamara Canrinus fra Universitetet i Agder, holder mesterklasse for ph.d.-kandidat Pernille Reitan Jensen (LLE) om materiale fra avhandlingen «Å skape koherens i lektorutdanninga: strukturar, samspel og spenningar».
Hovedinnhold
Sammendrag
"Avhandlinga mi undersøker lektorutdanninga, eit femårig utdanningsløp som utdannar lærarar til ungdomsskule og vidaregåande skule (trinn 8 – 13). Denne avhandlinga tek i hovudsak utgangspunkt i lektorutdanninga ved eitt universitet: Universitetet i Bergen (UiB). UiB har hatt strategiske mål om å «Styrke satsingen på lektorutdanningen (…)» (Universitetet i Bergen, 2018-2022), og å bli «ledende i landet på lektorutdanning» (Universitetet i Bergen, 2019-2022, s. 16). Lektorutdanninga ved UiB spreier seg utover 5 fakultet, og denne avhandlinga konsentrerer seg hovudsakleg om eitt av desse fakulteta, der lektorutdanninga framstår som svært viktig: Det humanistiske fakultet (HF). For HF har lærarutdanning «vært og vil forbli en av de viktigste samfunnsoppgavene» (Angell et al., 2015, s. 20). I fakultetet sine eigne strategiar har lektorutdanninga, som einaste spesifikk nemnde utdanning, vert trekt fram som eit satsingsområde sidan 2016. Vi kan lese at «Fakultetet skal kjennetegnes av (…) en solid lektorutdanning med faglig fordypning på høyt nivå.» (Det humanistiske fakultet, 2016-2022, s. 1), og at eit mål er å «Videreutvikle HF som et ledende lektorutdanningsfakultet» (Det humanistiske fakultet, 2023-2030, s. 10).
Med bakgrunn i dette, undersøker denne avhandlinga samanhengen, koherensen, i lektorutdanninga. Den overordna problemstillinga for prosjektet er: Kva kjenneteiknar arbeidet med koherens i lektorutdanninga, og kva utfordringar oppstår i møte med å skape ei koherent lektorutdanning? Den overordna problemstillinga er vid, og er operasjonalisert gjennom tre delstudiar:
1: Korleis vert det arbeid med koherens frå eit programleiingsperspektiv, og kva opplever programleiinga som moglege hindre i arbeidet med koherens?
2: Korleis vurderer utdannarar i lektorutdanninga sitt ansvar overfor lektorutdanninga sine sentrale mål, og har dei den naudsynte kunnskapen for å oppfylle ansvaret sitt?
3: Korleis forstår lektorstudentar fagdidaktikk og korleis opplever dei å nyttiggjere seg den fagdidaktiske kunnskapen?"
De som ønsker å lese mer, kan kontakte Pernille Reitan Jensen på epost: pernille.jensen@uib.no
Om mesteren - Esther Tamara Canrinus
Professor ved institutt for pedagogikk ved UiA og leder for forskergruppen "Profesjoner og profesjonele i samarbeid". Videre er hun fagkoordinator for ped-lærerne tilknyttet PPU og LEKTOR-utdanningen.
Universitetet i Agder
Nettside: https://www.uia.no/om-uia/ansatte/esthertc/
Mesterklassen vil foregå i digitalt.
Meeting URL: https://uib.zoom.us/j/61494524907?pwd=8qZrRZEpVyWMMol6wL9YOZXjkiWOlF.1
Meeting ID: 614 9452 4907
Password: UrTw862S
Vi ser fram til en engasjerende diskusjon.
Alle er velkomne!