innflyttingsmarkering
Innflyttingsmarkering ved Matematisk institutt 13. mars
Rektor har klipt snora som markerer at alle dei tilsette ved Matematisk institutt no endeleg er flytta inn i Realfagsbygget 4.etasje. F.v. Fakultetsdirektør ved MN fakultetet Elisabeth Müller Lysebo, rektor Dag Rune Olsen og dekan ved MN fakultetet Helge K. Dahle.
Foto/ill.:
Elin Arntzen
Hovedinnhold
Publisert: 11.09.2015
Etter ein lang flytteprosess, med mange krumspring og forseinkingar, kunne instituttleiaren endeleg invitere til innflyttingsmarkering fredag 13. mars. For fyrste gong på fleire tiår er endeleg instituttet samla i eitt bygg, og dette vart markert med kake og kanapéar på instituttet sitt nye lunsjrommet. Rektor klipte snora, og dekanen heldt tale, og Helge Tverberg gav dei frammøtte eit historisk tilbakeblikk i instituttet sine fyrste år.