REK-godkjenning
Mange av fakultetet sine forskingsprosjekt er underlagt Helseforskingslova, og krev difor REK-godkjenning før prosjektet kan starta.
Hovedinnhold
REK skal førehandsgodkjenna
- Medisinske og helsefaglege forskingprosjekt
- Generelle forskingsbiobankar
- Dispensasjon frå teieplikt for annan type forsking
Det er mykje informasjon om søkjeprosessen på REK sine nettsider, særleg i menyvala Regler og rutiner og Frister og skjemaer.
Søknadar skal sendast elektronisk, og forskarar treng ein brukarprofil hjå REK for å få tilgang til skjemaa.
Når det gjeld medisinsk og helsefagleg forsking har UiB eit samarbeid med Helse Bergen. På ein eigen nettstad finst retningsliner eit felles internkontrollsystem for medisinsk og helsefagleg forsking.
Når forskingsprosjekt skal meldast er det viktig at instituttet si e-postadresse vert oppgjeven som Medbrukar når skjema vert oppretta hjå REK, og når REK tildeler prosjektet ei saksportefølje. Meir informasjon om Medbrukarar finst her.
REK sender melding til prosjektleiar og behandlingsansvarleg om utfallet av REK si vurdering av forskingsprosjektet.