Publikasjonspris til Michaël Tatham
Professor i samanliknande politikk, Michaël Tatham si bok "With, Without or Against the State" er årets vinner av SV-fakultetet sin publikasjonpris.
Hovedinnhold
Professor Michaël Tatham frå institutt for samanliknande politikk får det samfunnsvitskaplege fakultetet sin publikasjonspris for 2016. Denne prisen går til beste publikasjon av ein tilsett ved SV-fakultetet i året som gjekk. Publikasjonen skal ha høg vitskapleg kvalitet, vera nyskapande og original.
Michaël Tatham er professor i samanliknande politikk på SV-fakultetet. Han har publisert ei rad artiklar og publikasjonar på høgt nivå gjennom mange år, og fjorårets bok "With, Without or Against the State" er kulminasjonen av 12 års arbeid med teoretiske og empiriske problemstillingar. Den er innovativ i si samanlikning av korleis regional samhandler med medlemslanda i Brussel: motarbeider regionane landa sine? Arbeidar dei separat frå statane dei tilhøyrer? Eller samarbeidar dei om felles mål?
Tatham viser at samarbeid er det dominerande mønsteret, og belyser så kva som avgjer miksen av ulike samhandlingsformer. I strid med forventningane finn han at auka desentralisering fører til meir samarbeid mellom regionar og statar. Når ulike politiske parti styrer region og stat ser ein imidlertid ein sterkare tendens til at regionane arbeidar separat frå staten dei tilhøyrer.
Metodisk representerer boka ei gjennomført mixed-methods tilnærming. Gjennom ein grundig og innovativ miks av kvantitative data og case-studiar der kvalitative data står sentralt og tradisjonell hypotesetesting vert blanda med induktive innsiktar som så kan testast mot datamaterialet.
Boka har allereie fått mykje merksemd i internasjonale tidsskrift og gjennomgåande særs gode kritikkar. "Boka bør brukas som ei oppskrift for framtidig forsking på området", konkluderer bokmeldinga i Journal of Politics. SV-fakultetet gratulerer Tatham med prisen!