Hjem
Institutt for sammenliknende politikk
FRIHUMSAM-middel

Korleis skal vi møte populisme?

Skal bruke forskningsmidla til å forske på utfordringane frå det radikale høgre.

Grant winners
Sampols Jonas Linde og Georg Picot vart tildelt økonomisk støtte frå FRIHUMSAM, som dei vil bruke til å videreutvikle forskningsprosjekta sine om høvesvis populisme og statens rolle i lønnsreguleringar.

Hovedinnhold

Professor Jonas Linde ved Institutt for samanliknande politikk, er blant dei som vann i den gjeve konkurransen om å få middel frå FRIHUMSAM for sitt forskningsprosjekt. Linde forskar på problema relatert til økninga i høgrepopulisme. Linde sitt prosjekt som vart kåra til ein av vinnarane forrige månad, er eitt av berre 31 prosjekt som fekk utdelt middel i år.

Prosjektet heiter “Democracy in the age of populism.” Det skal utforske korleis veksten av høgrepopulisme har påverka politisk polarisering og mistillit - og kva som kan gjerast med det. 

“Ingen veit når, eller om, denne bølga av høgrepopulisme som har skylt over Europa og USA vil ebbe ut av seg sjølv,” seier Linde. “Vi veit heller ikje så mykje om konsekvensane av dette for det representative demokratiet.”

Linde seier det har oppstått ein debatt om det er riktig av mainstream politiske aktørar å være lydhøyre for populistiske bekymringar, eller om å gjere dette i seg sjølv ville vert å undergrave liberale demokratiske verdiar. 

Linde og hans forskningsteam håper å kunne bidra med svar på desse bekymringane. For å gjere det, skal dei fokusere på fire nøkkelspørsmål:

Blir dei som stemmer populistisk meir radikale over tid, og utvikler dei i aukande grad autoritære, xenofobiske syn som tyder på mistillit mot dei eksisterande demokratiske institusjonane? 

Dersom slik radikalisering finn sted, gjennomgår også motstandarane av populistar ei liknande radikalisering i motsett retning? 

Kan den resulterande polariseringa minske velgarane sin tillit til sine politiske motstandarar?

Og til slutt, blir denne polariseringa og mistilliten moderert eller eskalert når mainstream politiske parti prøver å inkludere velgarar frå det radikale høgre? 

Svara ein får på desse spørsmåla, seier Linde kan vere lærerikt for ein mengde aktørar - blant anna akademikarar, politikarar og journalistar - som er opptekne av politisk tillit og demokratisk legitimitet.

Ved å knytte saman forskningsfelta populismestudier og studier av politisk støtte, seier Linde at prosjektet forskar på utviklingar som kan ha konkret nytte for europeiske demokrati. 

Men for å få desse svara, treng ein masse nye data. Det er der FRIHUMSAM-midla kjem inn i biletet. Ein stor del av prosjektbudsjettet går til datainnsamling. Linde seier teamet hans vil bruke store cross-national surveys som the European Social Survey, men også surveyeksperiment, paneldata, open-ended survey questions og data frå sosiale medium. Forskaren forklarer at UiB sitt Digital Social Science Core Facility, eller DIGSSCORE, vil vere essensielt i gjennomføringa av dette.

Midlane vil også muliggjere tilsetjinga av ein postdoktor ved UiB over tre år.

Prosjektet vil ha oppstart i september 2018, når Linde kjem tilbake til Bergen etter å ha jobba ved the University of Washington i Seattle. Prosjektet vil antakelegvis vare til hausten 2022. 

Prosjektteamet inkluderer allereie sampolarar som Stefan Dahlberg og Elisabeth Ivarsflaten, samt Andrej Kokkonen ved Aarhus Universitet og Eelco Harteveld, ein postdoktor ved Universitetet i Amsterdam. 

Linde seier teamet hans er takknemlege for å ha blitt valgt ut; “Sjølvsagt er vi henrykte for at prosjektet fekk middel. Vi meinte vi hadde ein god søknad, men samtidig var konkurransen svært tøff. Vi hadde flaks denne gongen.”

Førsteamanuensis ved Institutt for samanliknande politikk, Georg Picot, fekk også middel til sitt prosjekt; “Bringing in the state: The politics of wage regulation and low-wage employment”.