Hjem
Institutt for sammenliknende politikk
Månedens alumn

Januar 2024: Jan Zahl

Les om opplevinga til den langvarige journalisten som sampol-student og om tida etterpå.

Jan Zahl, portrett
Foto/ill.:
privat

Hovedinnhold

Jan Zahl er forfattar og journalist. Han har vore kulturjournalist i Stavanger Aftenblad i 16 år. Nedanfor kan du lese om tida hans som student og korleis han har nytta utdanninga si i åra etterpå

Når leverte du graden din i samanliknande politikk og kva skreiv du om?

Eg leverte hovudoppgåva mi før jul 1996. Plan A var å samanlikna spanske (“Ja!”) og norske (“Nei!”) regionars ulike tilnærming til EU. Men då eg fordjupa meg i Stein Rokkans europamodell og prøvde å forstå kva som eigentleg låg der, viste det seg å vera meir enn nok. Hovudoppgåva mi heiter “Rokkans modell over Europa: Ein analyse og kritikk”, og var ein rein vitskapsteoretisk analyse av europamodellen. “Kritikken” min gjekk ut på at dette er ein vitskapleg modell over ei bestemt utvikling i eit bestemt område heller enn ein meir avansert vitskapleg teori som har universell prediksjonskraft og dermed kan falsifiserast. Eg tippar at cirka fem personar har lese den hovudoppgåva.

Kva har du arbeidd med sidan du avslutta utdanninga di, og kva arbeider du med no?

Eg begynte å jobba som journalist i studietida i Bergen. Først som reportar i Studvest, så fulltid eitt år som nyhenderedaktør. Dette gav meg både erfaring og kontaktar som i sin tur førte til at eg sidan har vore journalist. Først som redaktør i Norsk Forskerforbunds tidsskrift Forskerforum. Sidan som politisk reporter i TV 2 Interaktiv, kulturjournalist i Dagbladet og Dagsavisen - med eit par rundar som frilansar og forfattar - før eg nå har vore kulturjournalist i Stavanger Aftenblad i 16 år.

Føler du at utdanninga ved Institutt for samanliknande politikk (Sampol) har gitt deg ein kompetanse som er ettertrakta i arbeidsmarknaden?

På midten av 1990-talet - etter tidenes studenteksplosjon - var det antydningar til akademikarledigheit i Norge. Me sat på Kvarteret og drakk tynn kaffi og bekymra oss. Me lurte på kva me eigentleg kunne - og om dette kunne brukast til noko av nokon. Eg meinte - og meiner - at me gjennom utdanninga framfor alt lærte oss å handtera, analysera og kondensera store mengder informasjon. Me lærte mykje om mangt, fekk eit analytisk verktøy å forstå det med og trening i å trekka ut det vesentlege. Det liknar til forveksling på jobben min som journalist. Ja, og forresten: Alle fekk jobb. Alle slags ulike jobbar.

Kva anbefaler du til studentar som skal ut i arbeidslivet?

Ver aktiv. Engasjer deg i noko meir enn deg sjølv. Ver oppteken av meir enn det som står på pensum. Les meir og breiare enn du må. Ver nysgjerrig. Ver sosial. Ver variert. Ver interessert. I tillegg til å få det meir moro sjølv, blir du også ein attraktiv arbeidstakar.

Kva tenker du på som det beste ved studietida ved UiB?

Luksusen som låg i å bruka årevis - kanskje dei beste åra i livet - på å kunna danna seg sjølv. Verken før eller seinare har eg kunna bruka så mykje tid å gå tungt inn i akkurat det eg sjølv hadde lyst til. Ja, og så møtte eg ein haug med flotte folk som framleis er med meg. Enten som gode minner eller hyggelege bekjente, eller som venner for livet. Eg hamna i eit miljø av smarte folk som sette minst like stor pris på å ha det moro, som kombinerte det faglege med det sosiale, seriøsitet med fjas, intelligens med tull. Topp stemning!

Kan ein bli journalist utan å ha journalistutdanninga?

Tydelegvis. Ein kan ha vel så gode føresetnader for å bli journalist med annan fagleg bakgrunn. Eg vil påstå at eg gjennom mi seks år lange universitetsutdanning - som består av engelsk, spansk og sampol - har lært meir om språk, kultur, samfunn, historie, politikk og kritisk, analytisk tenking enn om eg hadde studert faget journalistikk i tre år