Hjem
Institutt for sammenliknende politikk

Sampolkino

Nytt av året er Sampolkino, filmvisninger for studentar og tilsette knytt til samanliknande politikk.

Hovedinnhold

Sampolkino vil vere kvar første fredag i månaden, kl 14.15. Det vil då bli vist politiske dokumentarar og spelefilmar på Cinemateket USF. Opningsfilmen er "Fog of War", som mellom anna har vunne Oscar for beste dokumentar.

Initiativtakarar til dette tilbodet er Sveinung Arnesen og Åse Gilje Østensen (stipendiatar ved Institutt for samanliknande politikk). Me håpar at dette kan bli ein god sosial og fagleg møteplass for dei som er knytt til instituttet.