Hjem
Institutt for sammenliknende politikk

Rekordstor sampolkonferanse

Det går mot ny rekord for sampolkonferansen når det gjeld talet på deltakarar. Så langt er om lag 200 billettar solgt på førehand, men det er framleis plass til fleire. Nordområdepolitikken står i sentrum for årets konferanse, som finn stad 07 og 08 oktober og vert opna av den islandske presidenten.

Foto/ill.:
Martin Hirth

Hovedinnhold

For å få tak i billettar må ein riktignok møta opp under konferansen på Logen onsdag frå klokka 0830. Klokka ni vert konferansen opna av ingen ringare enn presidenten på Island, Ólafur Ragnar Grímsson, som med sin bakgrunn som professor i statsvitenskap og sitt samarbeid med Stein Rokkan (grunnleggjaren av sammenliknende politikk ved UiB) burde vera ein usedvanlig passande talar til å opna ein sampolkonferanse.

Nordområda har dei siste åra vorte stadig meir aktuelle både når det gjeld politikk, økonomi og kultur. Som fag har sammenliknende politikk i liten grad fokus på internasjonal politikk, og noko av årsaka til at dette temaet vart vald, er nettopp at studentane ønska å ta for seg tema som peikar ut over den vanlege undervisninga i faget. Det kanskje aller mest brennbare politiske spørsmålet som angår nordområda for tida, er spørsmålet om oljeboring i nord. Dette er via ein eigen bolk i programmet på konferansen. Her kjem både oljeindustrien og fiskeri-interessene samt Bellona for å ytra sine syn på dette, samtidig som NRK-Brennpunkt-journalisten Rune Ytreberg set spørsmåla i kontekst med sitt foredrag om "spillet om oljen".

Masterstudentar ved institutt for sammenliknende politikk står bak også årets sampolkonferanse, ei tilskiping som har vorte ein institusjon gjennom snart tjue år med konferansar kvart andre eller tredje år. Interesserte masterstudentar ved instituttet samla seg for over eitt år sidan for å begynna planlegginga til årets konferanse. Det sentrale spørsmålet i utgangspunktet var sjølvsagt kva tema ein skulle ha for konferansen. Ein landa til sist på tittelen "Maktspill i Nord - Konflikt og samarbeid", som tar for seg nordområda i høve til rett og makt, ulike statlege interesser såvel som ulike ressursinteresser.. Erla Katrine Løvseth og Mathias Revold er to av dei rundt tjue studentane som har ansvaret for årets engasjement. -"Dette har ikkje gått ut over studieprogresjonen så langt, sjølv om det nok ikkje har vorte veldig mykje lesing dei siste vekene", seier dei. Denne siste tida no har det vore sampolkonferansen som har opptatt det meste av plassen i hovudet.

"Ikkje så rike, men ganske hyggelege"

Sampolkonferansen er tufta på frivillig arbeid og dugnad, ikkje berre frå dei engasjerte studentane, men også frå innleiarane. -"Vi er ikkje rike, men vi er ganske hyggelege" seier Mathias Revold. -"Ingen av innleiarane får honorar for å koma, likevel har det vore ein unison velvilje frå dei vi har spurt om å innleia for oss". Det er tydeleg at sampolkonferansen har ein god klang i mange leirar. - Sidan vi ikkje kan tilby store pengar, satser vi på å ha eit program som gjer at innleiarane ønsker å koma, og å vera hyggelege med innleiarane i staden. Vi tek sikte på å varta opp dei besøkande som best vi kan, seier Erla K. Løvseth.

Programmet på konferansen spenner vidt, og inneheld mange kjente navn frå ulike område av samfunnslivet. Den russiske ambassadøren, Sergej Andrejev kjem, så vel som EU-ambassadøren Janos Herman. Tilsette frå institutt for sammenliknende politikk er innleiarar, samtidig som journalistar og fagfolk frå ulike andre felt bidreg med sin ekspertise.

 

Sampolkonferansen sine nettsider har oppdatert program og oversyn over innleiarar.