Semesterstart på sampol
På Institutt for samanliknande politikk gler me oss til semesterstart og nye studentar i august. I år skal dei nye studentane bli ønskt spesielt velkomne, med eigne sampol-arrangement i fadderveka.
Hovedinnhold
Sampol vil ønskje alle sine nye studentar velkomne i fadderveka, både bachelor- og masterstudentar. Særleg alle dei som er nye i Bergen og på sampol.
Me byrjar tysdag kveld, 16. august kl 19.00, med debatt og diskusjon rundt kommune- og fylkestingsvalet i år. Dette vert arrangert på studenthuset Kvarteret, som eit samarbeid mellom sampol og Studentersamfunnet i Bergen. Her er alle velkomne, men me oppfordrar spesielt nye studentar og fadderane deira til å kome for å diskutere fagrelaterte tema i ein uformell samanheng, og å bli betre kjend med forskarane på instituttet.
Vidare vil me på onsdag arrangere ein brunsj på instituttet for nye sampolstudentar og fadderar, 17. august kl 11.00. Her kan ein bli kjend med instituttet og dei som jobbar der. Brunsjen vert arrangert i samarbeid med fagutvalet på sampol, og det vil bli ønskt velkomen til instituttet frå både instituttleiar Lise Rakner, og leiar av fagutvalet, Marianne Mandujano.
Torsdag kveld, 18. august kl 20.00, avsluttar sampol sitt faddervekeprogram, med ein quiz på Kvarteret. Hit vil me òg invitere "gamle" studentar, både noverande og tidligare, i tillegg til staben. Nokre av alumniane, dei tidligare studentane, vil fortelje om kva dei gjer no, etter å ha fullført ei utdanning ved Institutt for samanliknande politikk. Me håpar å sjå både bachelorstudentar og masterstudentar her, i hard konkurranse i quizen.
Utover hausten vil det bli arrangert filmvisninger for studentar og stab, tre fredagar. Meir info om desse kjem i august.
Me ser fram til eit nytt semester!