Våre nye studentar fekk omvising på instituttet
I tre puljer fekk dei faddergruppene til årets nyinnrykk av bachelorstudentar omvising på Institutt for samanliknande politikk fredag 14. august.
Hovedinnhold
Stolt historie
Faddergruppene vart tekne imot i atriet på Institutt for samanliknande politikk i Christies gate av instituttleiar Gunnar Grendstad. Han gav ei kort innføring i historia til Institutt for samanliknande institutt og dei to naboinstitutta, den mangslungne verksemda som går føre seg på bygget, samt breidda i den akademiske staben.
Les meir om historia til Institutt for samanliknande politikk her.
Lunsj med fagutvalet
På lunsjrommet øvst i bygget vart dei nye studentane serverte ein enkel lunsj medan doktorgradsstipendiat Julie Ane Ødegård fortalte om sitt doktorgradsprosjekt til sampolstudentane og doktorgradsstipendiat Olav Elgvin til europastudentane. Her fekk dei også, ved fagutvalsleiar Eivor Oellingrath og Hanna Jones for sampolstudentane og Eirik rekve Thorsheim for europastudentane, eit innblikk i arbeidet fagutvalet gjer for studentane ved instituttet og kva som skal til for å engasjere seg.
Les meir om fagutvalet i Sampol og fagutvalet i Europastudiar her.
Kvar student sin stat
Som ein del av introduksjonen til instituttet blir kvar student tildelt rolla som statssjef for eitt utvalt land. Føremålet med dette er at studentane som ein del av studiane skal ha eit særleg blikk til dette eine landet og nytte teoriar og omgrep dei tileignar seg gjennom studieløpet til å få ei djup forståing for dette landet.