Vitnemålsseremoni for bachelorkandidatar
26 kandidatar bahcelorkandidatar i sampol og europastudiar fekk vitnemål frå visedekan Knut Hidle og instituttleiar Gunnar Grendstad førre fredag.
Hovedinnhold
Fredag 11. september var det vitnemålsseremoni for bachelorkandidatar ved SV-fakultetet i Egget på Studentsenteret. Hovudtalaren for høvet, Lars-Henrik Paarup Michelsen, dagleg leiar i Norsk klimastiftlese, har sjølv ein bachelorgrad i samanliknande politikk og ønskte kandidatane lukke til med den kommande tida.
Samanliknande politikk og europastudiar
26 kandidatar frå bachelorprogramma i samanliknande politikk og europastudiar fekk høgtidleg overlevert vitnemåla sine frå visedekan for utdanning ved SV-fakultetet, Knut Hidle og instituttleiar Gunnar Grendstad ved Institutt for samanliknande politikk.