Æresprofessorat til Stein Kuhnle
Kommunistpartiet sin representant på Fudan overrekte provet på at Stein Kuhnle no er æresprofessor ved Fudan universitet.
Hovedinnhold
Onsdag kveld, under jubileumsmiddagen til The Nordic Centre ved Fudanuniversitetet overrekte Quin Shaode provet på at Stein Kunhle, professor i samanliknande politikk, no er æresdoktor ved Fudan.Quin Shaode er eks-chancellor ved Fudan university i Shanghai. Det betyr at han er kommunistpartiet sin representant på universitetet, og plassert over rektor.
Chen Zhimin, dekan ved School of International Relations and Public Affairs, karakteriserte Kuhnle som ein av «the founding fathers». Kunhle var med på å oppretta det nordiske senteret i 1995.
– Du har undervist her og fått kollegane dine i Noreg til å koma hit. Du har gjort mykje, sa Zhimin.
Les heile saka i universitetsavisa På Høyden! Der kan du også finne fleire artiklar om jubileet til Det nordiske senteret ved Fudanuniversitetet