Søknadsfristen er 15. november!
Hugs å søkje på praksisplass i kommande semester gjennom SAMPOL290/291! Her finn du søknadsskjema og informasjon om kva som skal vere med i søknaden.
Hovedinnhold
I SAMPOL 290 har vidarekomne bachelorgradsstudentar høve til å få viktig arbeidslivserfaring i ei privat eller offentleg verksemd eller ein organisasjon. Studenten får 20 studiepoeng som kan gå inn i dei frie studiepoenga i bachelorgraden. Emnet blir vurdert som bestått/ikkje bestått, mellom anna på grunnlag av ein praksisrapport som blir levert på slutten av semesteret.
Vi samarbeider med om lag ti verksemder i Bergensregionen om å tilby praksisplass i studiane:
- Bergens næringsråd
- Christian Michelsens institutt
- FN-sambandet Vest
- Gulating lagmannsrett (ikkje avklara endå)
- Kommunesektoren sin organisasjon KS
- Maritimt forum
- Matarena A/S
- Mediehuset Bergens tidende
- NAV
- Norges sildesalgslag
- Skatt Vest
I SAMPOL 291 samarbeidar vi med Vest-Norges Brüsselkontor om å tilby ein praksisplass i Brüssel. Her vil studenten i tillegg kunne få stipend frå Erasmus sitt praksismobilitetsprosjekt.
Utbytte for både studentar og næringsliv
Målet med praksisemnet er å styrke profilen på bachelorgraden og auke studiekvaliteten. På den eine sida blir studentane meir medvetne breidda i sin eigen kompetanse i møte med arbeidslivet, samstundes som dei opparbeidar seg praktisk arbeidserfaring. På den andre sida knyt vi tettare band mellom akademia og næringsliv, og bidreg til at kompetansen til våre kandidatar bli betre kjend i arbeidslivet i Bergensregionen.
SØKNADSFRIST 15. november!
Søknadsfristen for våren 2016 er 15. november 2015 i både SAMPOL 290/291 og ECON281. Hugs å søkje på begge emna dersom du er interessert i begge!
SØKNADSSKJEMA i infoboksen til høgre
Når du skal søkje må du bruke søknadsskjemaa du finn i informasjonsboksen til høgre. Søknader som ikkje blir sende gjennom desse skjemaa (t.d. via e-post) vil ikkje bli behandla.
Obligatoriske krav
- Sampolstudentar må ha fullført SAMPOL105, 106 og 107 (ev. 110) og MET102.
- Europastudentar må ha fullført EUR101, 103 og 105 (ev. 215) og MET102.
- Samfunnsøkonomistudentar: Det gjeld eigne krav for ECON281.
- Dersom det er for få søkjarar kan studentar frå andre fagretningar vurderast. Dei må då ha tatt MET102 før praksisen startar og elles vise til tilsvarande studieprogresjon/karakterar.
For Sampol- og Europastudentar er det krav om minimumskarakter C i MET102 og gjennomsnittkarakter C i øvrige fag avlagt ved instituttet (men dette inkluderer ikkje førstesemesteremna).
Tek du eitt av dei obligatoriske emna i inneverande semester og skal avlegge eksamen før jul? Då søkjer du akkurat som vanleg og legg ved karakterutskrift for dei karakterane du allereie har. Vi avventar med endeleg vurdering til etter at du har fått karakter i dei aktuelle emna.
For meir informasjon:
Emneansvarlig: Kurt-Rune.Bergset@uib.no
NB: Praksisemna har tidlegare hatt emnekodane SAMPOL 113 og SAMPOL 114. Frå våren 2016 utgår desse til fordel for dei nye emnekodane SAMPOL290 og SAMPOL291.