Stort oppmøte for EU-ambassadør Campbell
Ein million barn av Erasmus-par, samt studentpraktikantprogrammet ved EU-ambassaden i Oslo var blant temaa i gjesteførelesinga til ambassadør Helen Campbell onsdag.
Hovedinnhold
EU sitt forhold til Noreg, samt unionen sine interne og eksterne diplomatiske fokusområde var tema under EU-ambassadør Helen Campbell sitt gjesteføredrag for Institutt for samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen onsdag 13. april.
Mellom temaa ambassadøren berørte var ein del utanrikspolitiske fokusområde for EU, m.a. Parisforhandlingane (COP21), handelsavtalen TTIP og EU sine ambisjonar om medlemskap i Arktisk råd, samt militære og sivile operasjonar utanfor Schengen-området og EU sitt forhold til NATO.
"Erasmus-barn" og studentpraktikantar
Ambassadøren tok også føre interne fokusområde og utfordringar for unionen, m.a knytt til flyktningkrisa, energipolitikk, menneskrettsarbeid og forskings- og utdanningssamarbeid. Herunder kom Erasmus-programmet, som ambassadøren smilande meddelte at - basert på litt usikre tal - har medført om lag 1 million "Erasmus-barn" av par som har møttest under utveksling i Europa.
Under spørsmålsrunda slapp ambassadøren, som sjølv kjem frå dei britiske øyene, ikkje unna spørsmål om kva tankar ho gjer seg om ei eventuell britisk utmelding av EU, samt effektane av at nederlendarar nyleg stemte nei til EU sin Ukraina-avtale.
Gjennom heile føredraget understreka Campbell Noreg og EU sitt samarbeid om dei forskjellige temaa, og ho tok også føre seg aktivitetane ved ambassaden i Oslo, og la inn ei oppmoding til studentar ved Universitetet i Bergen om å søkje på praktikantprogrammet ved ambassaden.