Hjem
Senter for kvinne- og kjønnsforskning
Ny forsking frå SKOK i internasjonalt tidsskrift

Kari Anne Drangsland publisert i Time and Society

Stipendiat Kari Anne Drangsland har fått en artikkel på trykk i det anerkjente tidsskriftet Time and Society.

Queue number held up towards screen with time tables
På venterommet i Hamburg
Foto/ill.:
Kari Anne Drangsland

Hovedinnhold

Artikkelen heiter "Waiting as a redemptive state: The ‘Lampedusa in Hamburg’ and the offer from the Hamburg government".

Gjennom feltarbeid i Hamburg Tyskland i 2017 har Kari Anne Drangsland forska på ei gruppe flyktningar kjent som 'the Lampedusa in Hamburg' og deira moglegheiter for opphaldsløyve. Gjennom sterkt politisk og sosialt press under flyktningkrisa i Tyskland i 2015, oppretta dei lokale styresmaktene i Hamburg ei unntaksløysing for denne gruppa. Gjennom å gi opp flykningpapira sine frå Italia fekk dei amnesti frå deportasjon og kunne, om dei dokumenterte god integrering, søke om opphaldsløyve.

Men dette var ein lang prosess og Drangsland traff gjennom feltarbeidet fleire av 'Lampedusa-flyktningane' medan dei framleis var i prosessen mot opphaldsløyve. Dette var og er ei lang venting, der rettigheiter var blitt gitt opp i håp om noko betre i ei framtid som kanskje kom. Var det verdt ventinga?

Artikkelen til Drangsland undersøker forhaldet mellom samtidig smerte og framtidig godtgjersle, om korleis desse forhalda vert diskutert og heng saman i innvandringspolitikk og humanitert arbeid i Hamburg. Kan det endelege målet om opphaldsløyve vege opp for den smerta og trauma det er å vente og å vente så lenge?

Heile artikkelen kan lesast her: Waiting as a redemptive state: The ‘Lampedusa in Hamburg’ and the offer from the Hamburg government

PhD-graden til Kari Anne Drangsland er tilkytta prosjektet WAIT- I vente på en usikker fremtid: temporaliteter rundt irregulær migrasjon.

Les meir om prosjektet på prosjektsidene.