Hjem
Utdanning

Namn på grad

Bachelor i naturvitskap

Omfang og studiepoeng

Bachelorprogrammet i geofag og informatikk har eit omfang på 180 studiepoeng og er normert til 3 år.

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Mål

Programmet tek sikte på å gje studentane ei brei tverrfagleg utdanning innan grunnleggjande geologi og geologiske prosesser, geomatikk og romleg handsaming av fjernmålingsdata, samt programmering, maskinlæring og KI.

Programmet kombinerer bruken av geovitskap, moderne teknologi, dataanalyse og kunstig intelligens for å bidra til berekraftig forvaltning av naturressursar, og kartleggje risiko for naturfarar som skred og flaum.

Programmet passer for dei som er opptatt av jordkloden, og korleis vi brukar og endrar naturen rundt oss.

Innhald

Dei første tre semestra i studiet har fokus på ulike basisemne innan geologi, geomatikk, matematikk og programmering. Dette gjev grunnlag for meir spesialiserte emne innan innsamling og romleg analyse av fjernmålingsdata, geomatikk og bruk av kunstig intelligens i dei tre siste semestra.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten

  • kjenner godt de grunnleggende prinsipp, begrep og arbeidsmetoder innen geologi¿
  • har god kunnskap om geomatisk teori, verktøy, arbeidsmetoder, samt prosessering og analyse av fjernmålingsdata¿
  • har god kunnskap innen IKT, programmering og maskinlæring
  • har god oversikt over hvordan geologi er grunnleggende viktig innen for eksempel ressursforvaltning, naturfare og energispørsmål¿
  • er godt kjent med hvordan GIS, geomatikk og fjernmålingsdata kommer til nytte i samfunn, forvaltning, industri og næringsliv¿
  • har et godt overblikk over hvordan programmering, data science og maskinlæring kan bli brukt i ulike sammenhenger i samfunnet¿

Ferdigheiter

Kandidaten

  • er trent i å kombinere fagområdene geologi, geomatikk og informatikk for å løse ulike arbeidsoppgaver
  • kan bruke geologisk prosessforståelse for å definere og løse geofaglige problemstillinger¿
  • kan bruke GIS-verktøy for å håndtere, analysere og visualisere georomlige data og fjerndata¿
  • kan programmere, og mestrer prinsippene for bruk av programmeringsspråk
  • kan anvende programmeringsverktøy og maskinlæringsalgoritmer for å analysere og visualisere GIS-data for å besvare geofaglige problemstillinger¿
  • kan presentere fagstoff og resultat fra undersøkelser muntlig og skriftlig¿

Generell kompetanse

Kandidaten

  • Kan finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff og framstille dette slik at det belyser en problemstilling
  • Kan arbeide selvstendig og i gruppe¿
  • Kan kommunisere muntlig og skriftlig om faglige problemstillinger både med eksperter innen geologi, geomatikk og informatikk, og andre¿
  • kan reflektere og tenke kritisk over eget arbeid og faglige begrep, og justere sin faglige utøvelse under veiledning
  • kan anvende god etisk skikk i arbeid med faglige problemstillinger og ved bruk av faglig litteratur
  • kan bidra til innovasjon og nytenking i overgangen mot et mer bærekraftig samfunn
  • kan utføre feltarbeid i samsvar med god HMS-praksis

Opptakskrav

Higher Education Entrance Qualification

Innføringsemne

EXPHIL-MNEKS eller EXPHIL-MNSEM

Obligatoriske emne

Følgjande emne er obligatoriske i studieprogrammet: Ex.phil, MAT101/MAT111, GEOV101, GEOV102,GEOV181, INF100, MAT121, GEOV205, INF161, GEOV316, INFO284, GEOV281 og eitt av GEOV217/INF101/GEO217

Spesialisering

Spesialiseringa i bachelorprogrammet i geofag og informatikk er på til saman

110 studiepoeng som består av følgjande emne:

GEOV101;GEOV102;GEOV181;INF100;MAT121;GEOV205;INF161;GEOV316;INFO284; GEOV281; eitt av GEOV217/INF101/GEO217

Tilrådd studieplan

6. semester: Val/utveksling Val/utveksling Val/Utveksling

5. semester: GEOV281 GEOV217/INF101/GEO217 Val

4. semester: GEOV316 INFO284 Val

3. semester: GEOV205 INF161 Ex.phil.

2. semester: GEOV102 INF100 MAT121

1. semester: GEOV101 MAT101/111 GEOV181

Tilrådde valemne

Følgjande emne er tilrådde valemne i studieprogrammet:

haust:

GEOV107, GEOV110, GEOV112, GEOV113, GEOV217, INF101, INF140, INFO125, INFO207, INFO212, INFO282, GEO113, GEO215, GEO217, GEO281

vår:

GEOV104, GEOV109, GEOV111, INF101, INF265, INFO104, INFO110, INFO135, INFO215, INFO216, GEO204, GEO206, GEO212, GEO283, GEO292, GEO293

Studentane står fritt til å gjere andre val av emne.

Rekkefølgje for emne i studiet

Tilrådd rekkefølje for emna finn du under overskrifta «Spesialisering».

Delstudium i utlandet

Studieprogrammet har lagt til rette for at studentane kan reise på utveksling i 6. semester.

Det er mogeleg å reise til samarbeidsuniversitet i Tsjekkia, Tyskland, Spania, Hellas eller Storbritannia, eller velje fritt blant dei andre sentrale utvekslingsavtalane som UiB har.

Det er òg mogleg å fullføre enkeltemne eller eit heilt semester på Universitetssenteret på Svalbard (UNIS).

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisningsform for enkeltemne som inngår i bachelorprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga for dei ulike emna. Undervisinga vert gjeven i form av førelesingar, praktiske øvingar, dataøvingar, gruppearbeid, feltundervising, ekskursjonar og seminar. Ei studieveke med organisert undervising og eigenarbeid er estimert til ca. 40 timars arbeidsveke for studentar i geovitskap.

Vurderingsformer

Vurderinga skjer mellom anna i form av munnleg og skriftleg eksamen, mappevurdering, rapportskriving og munnlege presentasjonar. Vurderingsformer for kvart emne som inngår i bachelorprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Karakterskala

Ved UiB er det to typar karakterskalaer: bestått/ikkje bestått og bokstavkarakterar på skalaen A-F.

Karakterskala for kvart emne som inngår i bachelorprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål på norsk med vitnemålstillegg (Diploma supplement) på engelsk vert utstedt når krava til graden er oppfylte.

Grunnlag for vidare studium

Etter fullført bachelor kan ein gå vidare til ein mastergrad i geovitskap, informatikk, informasjonsvitskap eller geografi, gitt at ein har valt å fullføre dei valemna som krevjast.

For å vere kvalifisert for opptak til eit masterprogram må ein oppfylle opptakskravet om C eller betre som gjennomsnittskarakter på emna i spesialiseringa i bachelorgraden.

Relevans for arbeidsliv

Studiet gir brei kompetanse innan realfag, programmering, problemløysing og bruk av teknologi som gjer studentane godt rusta til å møte framtidas skiftande utfordringar. Nokre aktuelle område der behovet for denne type kompetanse allereie er stort er:

  • kartverk
  • forvaltning av areal (departement, fylke eller kommune)
  • berekraftig utvinning og bruk av energi- og ressursar (energinæringa)
  • risikokartlegging og førebygging av geofarar i statlege føretak og konsulentbransjen
  • transportbransjen
  • kartlegging av effekten av klimaendringar

Evaluering

Bachelorprogrammet vert kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Fakultet for naturvitskap og teknologi ved Institutt for geovitskap har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål:

studieveileder@geo.uib.no

Telefon 55 58 30 30