Hjem
Utdanning

Namn på grad

Master i engelsk med lektorkompetanse

Master i fransk med lektorkompetanse

Master i spansk med lektorkompetanse

Master i tysk med lektorkompetanse

Omfang og studiepoeng

Lektorutdanning med master i framandspråk (engelsk, fransk, spansk eller tysk) har eit omfang på 300 studiepoeng og er normert til 5 år.

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Undervisninga i fag 1 (engelsk, fransk, spansk eller tysk) vil oftast vere på det aktuelle språket, men kan også vere på norsk. For alle andre fagemne, sjå den einskilde emneplanen.

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Lektorutdanning med master i framandspråk (engelsk, fransk, spansk eller tysk) utgjer eit profesjonsstudium som utdannar lærarar for ungdomstrinnet og for den vidaregåande skolen (trinn 8-13). Utdanninga kombinerer solid fagkunnskap i engelsk/fransk/spansk/tysk (fag 1) og eitt anna universitetsfag (fag 2) med fagdidaktikk, pedagogikk og praksis.

Praksis er integrert i studiet i fire av dei fem studieåra.

Lektorutdanninga skal kvalifisere studentane til å vidareutvikle skolen som institusjon for læring og danning i eit demokratisk og fleirkulturelt samfunn. Studiet skal utdanne lærarar som er ansvarlege og som kan ta medansvar for elevar si læring og utvikling. I studiet vert det lagt vekt på å utvikle kompetanse til vidare fagleg og profesjonell utvikling. Såleis er det eit mål å fremje samhandling og kritisk refleksjon kring fag, undervisning og læring.

Studiet skal gi ei god innføring i vitskaplege arbeidsmåtar og forskingsmetodar og trening i sjølvstendig arbeid med omfattande og krevjande faglege oppgåver. Undervisninga er forskingsbasert og omhandlar det teoretiske grunnlaget for faga, så vel som faga sine metodar. Det vert lagt vekt på analytisk tenking, teoretisk og praktisk problemløysing, trening i skriftleg og munnleg presentasjon og tilrettelegging for læring. Vidare skal studiet gi grundig kunnskap i fagdidaktikk og pedagogikk, om skolefaga og fremje dugleikar for praktisk yrkesutøving.

Framandspråkstudiet skal både gi teoretisk kunnskap og utvikle evne til å kommunisere godt. Emna kan her vere knytte til blant anna språkstruktur, språket i bruk, språkhistorie, omsetjing og grammatisk analyse. Eit språkstudium er også studium av kultur og samfunnstilhøve . Gjennom arbeid med ulike medium er det eit mål å gjere studentane kjende med litteraturen og med sosiale, kulturelle og politiske tilhøve i dei aktuelle språkområda. På høgare nivå i studiet kan studentane spesialisere seg i sjølvvalde faglege emne. I det siste året arbeider ein med masteroppgåva, som er eit sjølvstendig vitskapeleg arbeid skrive under rettleiing.

Som det andre faget i utdanninga vel ein eitt av faga engelsk, fransk, historie, sosiologi, nordisk, religionsvitskap, spansk eller tysk. Alle desse faga har òg eit fagdidaktisk tilbod tilrettelagt for lektorutdanningsprogrammet.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten

  • har avansert kunnskap i dei ulike disiplinane språkfaget (fag 1) er sett saman av og spesialisert innsikt i eit profesjonsrelevant fagområde, samt brei kunnskap innanfor fag 2
  • har grundig innsikt i kultur, historie og samfunnstilhøve i dei aktuelle områda, inkludert urfolk sine perspektiv
  • har grundig innsikt i språksystem, språkbruk og språkvariasjon i det aktuelle framandspråket
  • har grundig innsikt i litterære tekstar i det aktuelle framandspråket
  • har inngåande kunnskap om relevant forskingslitteratur og grundig innsikt i vitskaplege problemstillingar, teoriar og metodar i faglege, fagdidaktiske og pedagogiske spørsmål (i fag 1) og har grundig kjennskap til fagdidaktiske og pedagogiske teoriar
  • har inngåande kunnskap om gjeldande utdanningsrelatert lov- og planverk, inkludert rettane til ungdom i vanskelege situasjonar
  • har kunnskap om utvikling av skolen som organisasjon og faga som skole-, kultur-, og forskingsfag og brei forståing for skolen sitt mandat, verdigrunnlaget i opplæringa og i opplæringsløpet
  • har kunnskap om ungdomskultur og ungdom si utvikling og læring i ulike sosiale og fleirkulturelle kontekstar, og kan nytte denne på nye område som er relevante for profesjonsutøvinga
  • har kunnskap om samiske tilhøve

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan orientere seg i faglitteratur, analysere og ha ei kritisk haldning til informasjonskjelder og eksisterande teoriar i fagområda
  • kan bruke faglitteratur og andre relevante informasjonskjelder til å strukturere og formulere faglege resonnement på ulike område
  • kan bruke kunnskapane til å analysere fagleg materiale og drøfte faglege tema i framandspråket
  • kan gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa og profesjonsrelevant forskingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer og konvensjonar for akademisk skriving
  • kan nytte forskings- og erfaringsbasert kunnskap til å identifisere og arbeide systematisk med grunnleggande dugleikar og planlegge og leie undervisning på ulike læringsarenaer som fører til gode faglege og sosiale læringsprosessar
  • kan på eit sjølvstendig og fagleg grunnlag bruke varierte arbeidsmetodar og relevante metodar frå forsking og fagleg utviklingsarbeid til å differensiere læringsarbeidet
  • kan tilpasse opplæring i samsvar med gjeldande læreplanverk, og skape motiverande og inkluderande læringsmiljø
  • kan ha ei kritisk tilnærming til analoge og digitale læringsressursar, og nytte dei i undervisning, planlegging og kommunikasjon, og som del av eiga utvikling
  • kan reflektere rundt eigen læringsprosess og utvikling av språkleg, kommunikativ og didaktisk kompetanse
  • kan fremme etisk medvit og kritisk tenking hos ungdom gjennom arbeid med språklege, litterære og kulturelle tema
  • kan bruke eigen faglege, kommunikative og didaktiske kompetanse i språkfaget/språkfaga til å fremme effektiv læring og refleksjon hos elevane
  • kan gjere greie for teoriar om språklæring, språk, kultur og litteratur, drøfte desse i høve til kvarandre og bruke dei fagleg
  • kan faget godt nok til å vere trygg i undervisningssamanheng, og kan kommunisere godt i språkfaget/språkfaga
  • kan følgje normene for akademisk skriving i masterfaget

Generell kompetanse
Kandidaten

  • kan bidra til nytenking og gjennomføre profesjonsretta fagleg og tverrfagleg utviklingsarbeid
  • kan formidle og kommunisere faglege problemstillingar knytte til profesjonsutøvinga på eit
    høgt fagleg nivå
  • kan opptre profesjonelt og kritisk reflektere over og analysere faglege, profesjonsetiske, forskningsetiske og utdanningspolitiske spørsmål og problemstillingar
  • kan på sjølvstendig grunnlag vidareutvikle eigen kompetanse og bidra til fagleg og organisatorisk utvikling i skolen og blant kollegaer
  • kan byggje relasjonar til elevar og føresette, og samarbeide med aktørar som er relevante for skoleverket, til dømes frå lokalt arbeids-, samfunns- og kulturliv
  • Kan vurdere, bruke og utvikle ulike analoge og digitale læringsressursar inkl. multimodale tekster
  • har innsikt i språkfaget sitt kultur- og danningspotensial og bidrar til å fremme språkleg og kulturelt mangfald
  • opprettheld relevansen av framandspråka sine historiske og akademiske tradisjonar og reflekterer kritisk kring desse
  • kan vurdere og dokumentere elevar si læring og kompetansen deira, gi læringsfremjande tilbakemeldingar og bidra til at elevane kan reflektere over eiga læring og eiga fagleg utvikling

Opptakskrav

  • Politiattest (jf. forskrift om opptak til høgare utdanning, kapittel 6)
  • Generell studiekompetanse eller realkompetanse (kravkode LÆRALT)

Det er to alternative måter å dekke opptakskravet på.
Du må anten dokumentere:

  • gjennomsnittskarakter 3 eller betre i norsk (393 timar) og
  • gjennomsnittskarakter 4 eller betre i matematikk (224 timar) og
  • minst 35 skulepoeng

eller

  • gjennomsnittskarakter 3 eller betre i norsk (393 timar) og
  • gjennomsnittskarakter 3 eller betre i matematikk (224 timar) og
  • minst 40 skulepoeng.

Du vil og dekke karakterkravet i matematikk viss du har bestått eitt av følgjande programfag: S1, S2, R1 eller R2.

Fordeling av studieplassar

Engelsk - 24

Fransk - 4

Spansk - 7

Tysk - 4

Tilrådde forkunnskapar

Studentar som vel engelsk som fag 1 eller 2 bør ha studiespesialiserande programfag i engelsk frå vidaregåande skole. Studentar som vel fransk, spansk eller tysk som fag 1 eller 2 bør ha minimum nivå A2 (CEFR*) eller nivå I/II i desse frå vidaregåande skole.

* (https://www.udir.no/laring-og-trivsel/lareplanverket/kjennetegn/kjennetegn-pa-maloppnaelse-fremmedsprak-niva-ii/)

Studentar som vel nordisk som fag 2 bør meistre både bokmål og nynorsk godt.

Innføringsemne

Det er ingen innføringsemne til masterstudiet.

Obligatoriske emne

I programmet inngår obligatoriske emne i fag 1, fag 2, fagdidaktikk og pedagogikk. Desse emna er spesifiserte under «Rekkefølgje for emne i studiet».

Totalt inngår 100 dagar praksis:

  • 10 dagar som del av PEDA130
  • 10 dagar som del av didaktikkemne
  • 2 x 35 dagar som eigne langpraksisemne
  • 10 dagar kampuspraksis

På masterstudiet skal studenten skrive ei masteroppgåve med eit omfang på normalt 70-110 sider, med ein påfølgande munnleg eksamen. Masteroppgåva gir 60 studiepoeng. Emnet for masteroppgåva kan hentast frå alle disiplinar i fag 1, inkludert fagdidaktikk. Det er gjort nærare greie for masteroppgåvearbeidet i eigne emneplanar.

Spesialisering

Sjå emnelista under «Rekkefølgje for emne i studiet» for nærare informasjon.

Tilrådde valemne

Det er ingen valemne i studieprogrammet.

Rekkefølgje for emne i studiet

1. semester (haust):
I første semester tar studentar 10 studiepoeng i fag 1, ex.phil., og 10 studiepoeng pedagogikk inkludert 10 dagar praksis.

Førstesemesterstudiet:

Fag 1:

Pedagogikk:

  • PEDA130 (10 stp - med integrert praksis, 10 dager)

2. semester (vår):
I andre semester tar studentar 30 studiepoeng i fag 1 og to kampuspraksisdagar.

Fag 1, 30 studiepoeng:

Praksis:

3. semester (haust):
I tredje semester tar studentar 20 studiepoeng i fag 2 og 10 studiepoeng i fagdidaktikk i fag 1.

Fag 2, 20 studiepoeng:

Fagdidaktikk i fag 1, 10 studiepoeng:

  • Engelsk: ENGDI100-P (10 stp - med integrert praksis, 10 dager)
  • Fransk, spansk og tysk: FRAMDI100-P (10 stp - med integrert praksis, 10 dager)

4. semester (vår):
I fjerde semester tar studentar 30 studiepoeng i fag 2 og to kampuspraksisdagar.

Fag 2, 30 studiepoeng:

Praksis:

Mogleg å reise på utveksling.

5. semester (haust):
I femte semester tar studenten 10 studiepoeng i fag 1, 10 studiepoeng i pedagogikk og 10 studiepoeng i fagdidaktikk i fag 2. I tillegg har studentar 35 dagar praksis, og ein kampuspraksisdag.

Fag 1, 10 studiepoeng:

  • Engelsk, fransk, spansk, tysk: LÆFR101 (10 stp)

Fagdidaktikk i fag 2, 10 studiepoeng:

  • Engelsk: ENGDI100 (10 stp)
  • Fransk, spansk, tysk: FRAMDI100 (10 stp)
  • Historie: HIDI100 (10 stp)
  • Nordisk: NODI100
  • Religionsvitskap: RELDI100 (10 stp)
  • Sosiologi: SAKDI102B (10 stp)

Pedagogikk, 10 studiepoeng:

Praksis

6. semester (vår):
I sjette semester tar studentar 20 studiepoeng i fag 1, og 10 studiepoeng (bacheloroppgåve) i fag 2.

Fag 1, 20 studiepoeng:

Fag 2, 10 studiepoeng med bacheloroppgåve:


Mogleg å reise på utveksling.

7. semester (haust):
I sjuande semester tar studentar 30 studiepoeng i fag 1, og to kampuspraksisdagar.

Fag 1, 30 studiepoeng masternivå:

  • Engelsk: Vel tre av følgjande emne:
  • ENG339 Engelsk lingvistikk I (10 stp)
  • ENG341 Engelsk lingvistikk II (10 stp)
  • ENG343 Engelsk lingvistikk III (10 stp)
  • ENG331 Engelskspråkleg litteratur/kultur I (10 stp)
  • ENG332 Engelskspråkleg litteratur/kultur II (10 stp)
  • ENG333 Engelskspråkleg litteratur/kultur III (10 stp)

NB! Du må ha minst 30 stp i disiplinen (lingvistikk eller litteratur/kultur) du skal skrive masteroppgåve i.

  • Fransk: FRAN312 (15 stp) og FRAN307 (15 stp)
  • Spansk: obligatorisk utveksling.
    Dei som ikkje har høve til å reise på utveksling kan søkje om fritak.
    Dei som får fritak tar SPLA311 (10 stp), SPLA312 (10 stp) og SPLA313 (10 stp)
  • Tysk: TYS307 (15 stp) og TYS309 (15 stp) eller TSAK319* (15 stp)

    *(UiB og NTNU vekslar på emneansvaret for TSAK319)

Praksis

8. semester (vår):
I åttande semester tar studentar 10 studiepoeng i fag 1, 10 studiepoeng i fagdidaktikk i fag 1 og 10 studiepoeng i pedagogikk. I tillegg er det 35 dagar i langpraksis og ein kampuspraksisdag.

Fag 1, 10 studiepoeng masternivå:

NB! Du må ha minst 30 stp i faget (lingvistikk eller litteratur/kultur) du skal skrive masteroppgåve i.

Fagdidaktikk i fag 1, 10 studiepoeng:

  • Engelsk: ENGDI300 (10 stp.)
  • Fransk, spansk, tysk: FRAMDI300 (10 stp)


Pedagogikk, 10 studiepoeng:


Praksis

9. semester (haust) og 10. semester (vår):
I niande og tiande semester skriv studentar masteroppgåva si. I tillegg er det to kampuspraksisdagar i tiande semester.

Fag 1 masteroppgåve:

Alle emna i kursdelen av master (totalt 60 stp) må være greidd før innlevering av masteroppgåva

Praksis

Delstudium i utlandet

Studentane blir oppmoda om å ta delar av studiet i utlandet. Eit opphald ved eit utanlandsk universitet kan gje både breidde og djupne i læringsutbyttet til studiet, i tillegg til språkkunnskapar og verdifull internasjonal røynsle.

Eit utanlandsopphald bør planleggjast i god tid på førehand og kan bli rettleidd og avtalt i samarbeid med studiekonsulent på programmet og dei fagleg ansvarlege institutta.

I lektorprogrammet i framandspråk er det tilrådd med utveksling i 4. og 6. semester, avhengig av fagkombinasjon og om det er fagleg og praktisk mogleg. Med spansk som fag 1 er det obligatorisk utveksling i 7. semester.

Tilrådde utvekslingsstader finn ein på nettsida til studieprogrammet: http://www.uib.no/studieprogram/MAHF-LÆFR.

Ein kan òg velje frå Universitetet i Bergen sine avtaler med studiestader i heile verda. All informasjon om utveksling finn ein på https://www.uib.no/utveksling.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga er forskingsbasert og omhandlar det teoretiske grunnlaget for faget, så vel som metodar knytte til faget. Studenten skal gjennom studiet få møte undervisning i ulike former med ulike typar lærings- og refleksjonsaktivitetar (t.d. førelesingar, seminar, gruppearbeid, skriftlege og munnlege presentasjonar, omgreps- og problemfokuserte oppgåver, problembasert læring, aksjonsforsking, rettleiing og praktisk bruk av digitale verktøy). For nærare informasjon, sjå dei einskilde emneplanane.

Læring gjennom rettleidd praksis i skolen står sentralt i studiet. Studenten vil få observere undervisning og planlegge og gjennomføre undervisning åleine og i samarbeid med medstudentar. Det vert i denne samanhengen lagt vekt på erfaringsutvikling gjennom refleksjon, samtale og oppgåveskriving.

Eit gjennomgåande trekk ved undervisninga skal vere å kombinere tileigning av fagleg kunnskap med kompetanse i å kunne leggje til rette for elevar si læring og utvikling.

I tillegg til den undervisninga som vert tilbydd, vert studentane oppmoda om å også sjølve organisere eigne kollokviegrupper og skrivegrupper.

Vurderingsformer

Gjennom studiet møter studentane ulike vurderingsformer. Til dømes skriftleg skuleeksamen, rettleidd oppgåve, heimeeksamen, munnleg presentasjon, munnleg prøve og mappevurdering.

Vurderingsformene er tilpassa læringsutbyttet i dei ulike emna.

For nærare informasjon om vurderingsformer, sjå dei einskilde emneplanane.

Karakterskala

Ved sensur av emna i programmet kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:

A-F, der F er stryk

greidd/ikkje greidd

Sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål og vitnemålstillegg blir skrive ut etter at graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

Fullført lektorutdanning med master i framandspråk med gode resultat kvalifiserer til å søkje om opptak på doktorgradsstudium i relevante fag.

Relevans for arbeidsliv

Lektorutdanning med master i framandspråk kvalifiserer for tilsetjing på trinn 8-13 i den norske skolen. Lektorutdanninga gir grunnlag for undervisning i to fag og kvalifiserer for opptak til doktorgradsstudium.

I tillegg gir lektorutdanning eit godt grunnlag for yrke utanfor skolen der fagkunnskap, formidling og relasjonskompetanse står sentralt, bl.a. i media, organisasjonar, forvalting og forlag.

Evaluering

Studieprogrammet blir kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på UiBs kvalitetsbasen: https://kvalitetsbasen.app.uib.no/.

Skikkavurdering og autorisasjon

Ifølgje Forskrift om skikkavurdering i høgare utdanning (nr. 1714) fastsett av Kunnskapsdepartementet 27. oktober 2023 med heimel i lov 1. april 2005 nr. 15 om universitet og høgskular § 4-10 første og sjette ledd, skal det gjennom heile studiet gjerast vurderingar av om studenten er skikka til læraryrket, og sluttvurdering og vitnemål for fullført utdanning føreset at studenten er vurdert som skikka (jf. § 4-10 andre ledd).

Programansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Felles programstyre for lektorutdanning ved UiB har eit overordna koordinerande ansvar.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar på programmet: lektor@hf.uib.no, tlf.lektor@hf.uib.no55 58 93 82