Meteorologi
- Lengde2 År
- Studiepoeng120
Hovedinnhold
Introduksjon
Mål og innhald
Masterprogrammet i meteorologi og oseanografi med studieretning meteorologi gjev ei brei, samankobla forståing innan atmosfærefysikk, og dynamikk, meteorologiske målingar, og vêrvarsling, Ein legg vekt på at studenten forstår både den fysiske og den matematiske skildringa av ulike atmosfæriske fenomen i samband med observasjonar, laboratorieeksperiment, dataanalyse og numerisk modellering, samt formidling til et fagpublikum. Masteroppgåva gjev avansert og djup forståing i eit utvalt meteorologiske emne. Emne innan masteroppgåva omfattar såleis det teoretiske grunnlaget for ulike vêrfenomen, bruk av numeriske modellar for å framskrive utviklinga av vêrsystem, prosessar i grenselaget over hav, sjøis eller land, ekstremvêr, lokale vêr- og klimatilhøve, og fornybar energi. Masteroppgåva er eit sjølvstendig forskingsprosjekt, og ein sentral del av masterstudiet, der studenten under rettleiing bidreg med ny kunnskap.
Kva lærer eg
Læringsutbyte
Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Kandidaten
- kan nytte fagterminologien om atmosfæren sin dynamikk, fysikk og termodynamikk og kan vise til avansert kunnskap om disse
- kjenner til og kan ta stilling til aktuell meteorologisk forsking og debatt innan tilknytta fagområde
- kjenner til den samfunnsmessige relevansen og utfordringane innan vær- og klimavarsling
- kjenner til tverrfaglege problem med relaterte disiplinar, som klimadynamikk, oseanografi, informatikk og geovitskap
- har avansert kunnskap om matematiske, statistiske og numeriske metodar til analyse av geofysiske data
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan bruke avanserte meteorologiske instrument for å utføre pålitelege målingar og forstår dei underliggjande måleprinsippa samt kilder til usikkerhet
- kan kritisk vurdere datakvalitet og geofysiske informasjonskjelder, og jobber systematisk med feil og usikkerheiter fra målinger
- kan nytte avanserte matematiske og statistiske metodar for analyse og visualisering av meteorologiske problem, spesielt ved bruk av koding
- kan gjennomføre eit sjølvstendig forskingsprosjekt under rettleiing
- kan bruke kunnskapen sin på nye vitskaplege problem innan meteorologi og tilknytta fagområde
Generell kompetanse
Kandidaten
- kan formulere og diskutere analytiske strategiar og gjennomføre analysar av samansette problemstilinger
- kan jobbe med faglege spørsmål individuelt og i grupper
- kan analysere, tolke og diskutere sine eigne resultat på ein vitskapleg forsvarleg og kritisk måte
- kan presentere munnleg og skriftleg, og forklare og diskutere komplekse problem med fagfeller
- har kunnskap om, og respekterer vitskaplege verdiar som openheit, presisjon og ansvar, og veit skilnaden mellom vitskapleg kunnskap og meining
Utveksling
Delstudium i utlandet
Opphald ved lærestadar i utlandet gjennom ERASMUS-programmet avtalast med rettleiar, og skal vere ein del av masteravtalen. Det er mogleg å skriva masteroppgåva ved UNIS.
Korleis søke
Studiestart - semester
Haust (hovudopptak) og suppleringsopptak vår.
Opptakskrav
Bachelorprogram i vêr, hav og klimafysikk eller tilsvarande.
Andre bachelorgrader som kvalifiserer
Har du bachelorgrad i anvendt matematikk eller i fysikk kan du vere kvalifisert om du har minst 20 SP valemne i meteorologi og oseanografi, eller teoretisk og anvend fluidmekanikk. Bachelorgrad i fysikk med solide kunnskapar i fluidmekanikk vil òg vurderast.
Opptaksgrunnlag
blir berekna med utgangspunkt i spesialiseringa slik:
- 30 SP i matematikk (MAT111, MAT112, MAT121, MAT131, MAT212).
- 20 SP i fysikk, kjemi, statistikk og informatikk (PHYS111, PHYS113, KJEM110, STAT110, INF100).
- 30 SP i meteorologi, oseanografi (GEOF105, GEOF110, GEOF210, GEOF211, GEOF212, GEOF236). For studentar som tar emne ved UNIS i 3. år: GEOF105, GEOF110 og et av AGF-211, AGF-212, AGF-213, AGF-214
Du må også ha:
- Snittkarakter på minimum C i emna du får opptak på grunnlag av.
- Språkkrava i både norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med generell studiekompetanse, anten på grunnlag av norsk vidaregåande skule eller på annan måte.
- Språkkrav for norskspråklege program