Hjem
Senter for vitenskapsteori
Universitetspolitikk

Manar til omkamp om arbeidslivsrelevans

Professor emeritus ved Universitetet i Bergen, Gunnar Skirbekk, uttrykker bekymring for forslaget om nytt finansieringssystem for statlege universitet og høgskular.

Framsida av universitetsmuseet
SAMFUNNSANSVAR: – Universiteta inngår som ein viktig institusjon i det moderne vitskapsbaserte samfunnet. Dei har eit samfunnsansvar, skriv Skirbekk i kronikken.
Foto/ill.:
Thor Brødreskift/UiB

Hovedinnhold

I ein kronikk på Uniforum, nettavis for Universitetet i Oslo, legg Skirbekk fram fleire grunnar for kvifor det må bli omkamp om dette forslaget, som blei lansert av fleirtalet på Stortinget våren 2020 og vedteke i juni. I vedtaket ber Stortinget regjeringa om å legge fram eit forslag til nytt finansieringssystem for universitet og høgskular der relevant arbeid etter fullførte studiar og arbeidslivsrelevans er blant faktorane.  

Snevert og kortsynt forslag

Skirbekk, som i si tid etablerte Senter for vitskapsteori, meiner at forslaget er for snevert og kortsynt for det moderne, vitskapsbasert samfunnet vi lever i.

– Er det berre endringar i arbeidslivet som krev kompetanseheving og oppdatering? spør Skirbekk. – Kva med klimaendringar, aukande  sosioøkonomiske skilnader, svekking av demokratiske og rettsstatlege institusjonar, spreiing av desinformasjon og «fake news» og geopolitiske spenningar med fare for militære konfrontasjonar?

I følgje Skirbekk gir svaret seg sjølv: I moderne vitskapsbaserte og kriseramma demokrati treng vi kompetanse og oppdatering utover det som trengst i arbeidslivet, og i denne samanhengen er institusjonane for utdanning og opplysing viktige. Det å snevre inn «kompetansebehovet» til arbeidslivet gjer til at ein overser andre viktige behov for kompetanse. Dette kan igjen føre til vedtak som viser seg å vere kontraproduktive med tanke på fagkritiske opplysningsbehov som statlege universitet har eit særleg ansvar for å ta hand om.

– Kort sagt så er både situasjonsforståinga og framlegget om finansieringstiltak uheldige, seier Skirbekk.

Uviss framtid

I følgje Skirbekk vil slaget no stå om stortingsmeldinga om styringspolitikken for statlege universitet og høgskular, som truleg skal behandlast på nyåret i 2021. I samband med dette tek han i kronikken opp fleire poeng og perspektiv som han ber dei ansvarlege politikarane om å ta omsyn til. Han set blant anna spørjeteikn ved framtida forslagsstillarane ser føre seg.

–  Dette er ein plan for ei framtid i endring, men ei framtid som likevel er «normal,» med økonomisk vekst og utan destabiliserande sosiopolitiske konfliktar. Men er det så sikkert? I den moderne verda er det mange kritiske utfordringar, som ofte forsterkar kvarandre og som gjer framtida usikker på fleire måtar, seier Skirbekk.

Tilpassing til ei berekraftig framtid

Han kritiserer også premisset om at arbeidslivet passivt må tilpasse seg ny teknologi og globalisert kapitalisme:

– I dette forslaget tek ein det for gitt at arbeidslivet må tilpasse seg. Men bør  vi ikkje prøve å tilpasse teknologien til arbeidslivet slik vi vil ha det? Og bør vi ikkje her følgje opp diskusjonen om korleis det eventuelt kan vere mogleg å tilpasse det økonomiske systemet til ei økologisk og politisk berekraftig framtid?

Kva inneber «arbeidslivsrelevans»?

Skirbekk tek vidare opp det at vi ikkje berre er aktørar i arbeidslivet, men også statsborgarar med eit samfunnsansvar som krev kunnskap og kompetanse utover dei krava vi møter som yrkesaktive. Han spør seg også kva «arbeidslivsrelevans» faktisk inneber.

–  Framtida er uviss. Så, kva type arbeidskompetanse trengst no og lenger fram i tid? Dette er vanskeleg å spå, men då må utdanningsopplegga og finansieringa av utdanninga leggast opp deretter – altså, ikkje for snevert og prega av det dagsaktuelle.

Universitet – kva skal vi med det?

Skirbekk går i kronikken grundig inn på spørsmål rundt rolla til statlege institusjonar for høgare utdanning. Han framhevar viktigheita av å differensiere mellom ulike typar utdanningsinstitusjonar og fag, og understrekar behovet for tverrfaglegheit, fagkritisk kompetanse og kvalitetssikring.

- Fullskala og høgkvalifiserte universitet må få arbeide under andre rammevilkår, styringsmessig og finansielt, enn éin-faglege og få-faglege utdanningsinstitusjonar, uavhengig av om dei blir kalla universitet eller ikkje, hevdar han.

Fagkritikk i moderne samfunn

Mot slutten av kronikken understrekar Skirbekk behovet for ein velinformert, sjølvkritisk og diskuterande fagkritikk som kjerneaktivitet ved forskingsbaserte og fleirfaglege universitet. Dette har også implikasjonar for andre sentrale institusjonar i moderne samfunn, spesielt skulesystemet og media:

–  I lys av det som er sagt ovanfor, er det difor viktig å drøfte korleis universitet, skule, media og forholdet dei i mellom best kan organiserast. Vi som statsborgarar i moderne vitskapsbaserte og kriseramma demokrati har eit medansvar for det som skjer i samfunnet og overfor naturen, nært og fjernt, både på kort og lengre sikt.