Ung og frittalande om vitskap og politikk
UiB-forskar Arjan Wardekker blei nyleg ønskja velkommen som medlem av The Young Academy of Europe (YAE).
Hovedinnhold
Arjan Wardekker, seniorforskar ved Senter for vitskapsteori ved UiB, blei utnemnd som medlem av Young Academy of Europe (YAE) i mars 2021. YAE er ei alleuropeisk samling av unge forskarar for nettverksbygging, påverknad, vitskapleg utveksling og vitskapspolitikk. Ved SVT jobbar Wardekker med forskingsprosjekta SemperArctic, der han leiar ei arbeidspakke om integrasjon av motstandskraft, og Co-cli-serv, der han er prosjektdeltakar for ei arbeidspakke om evaluering av kunnskapskvalitet. Wardekker er også seniorforskar ved Copernicus Institute of Sustainable Development ved Universitetet i Utrecht, der han er prosjektleiar for Utrecht-teamet på begge desse prosjekta.
Kunnskapsbasert politikkutforming frå eit ungt perspektiv
YAE er ei gruppe anerkjende, unge europeiske forskarar med frittalande synspunkt på vitskap og vitskapspolitikk. Eitt av hovudmåla deira er å bidra aktivt til vitskapspolitikk og kunnskapsbasert politikkutforming frå ein yngre generasjon sitt perspektiv, noko dei viser ved å delta aktivt i SAPEA (Science Advice for Policy by European Academies) og som vertskapsorganisasjon for YASAS (Young Academies Science Advice Structure).
Akademiet blei formelt starta i 2012, og same året etablerte dei også eit samarbeid med Academia Europaea (AE), eit alleuropeisk akademi for naturvitskap og humaniora.
Wardekker trur at den relativt unike profilen hans, relatert til både vitskap og kunnskapsbasert politikkutforming, gjorde at YAE såg på han som ein interessant kandidat for medlemskap:
– Eg har jobba for både reine vitskapsorganisasjonar og organisasjonar som opererer i skjeringspunktet mellom vitskap og politikkutforming, som PBL Netherlands Environmental Assessment Agency, RIVM National Institute for Public Health and the Environment, og Health Council of the Netherlands. Skjeringspunktet mellom vitskap, politikkutforming og samfunn er dessutan eitt av dei sentrale forskingsområda mine. Så eg har erfaring i begge verdene YAE har som mål å forbinde.
Høg vitskapleg kvalitet, leiarskapsevner og sjølvstende
YAE rekrutterte opprinneleg rundt 100 medlem blant forskarar med Starting Grants frå ERC, men sidan 2014 har akademiet vore ope for ledande unge forskarar som har blitt anerkjend internasjonalt av fagfellar. Opptak av nye medlem er basert på dei vitskaplege kvalifikasjonane og prestasjonane til kandidatane.
I tillegg til hovudkriteriet om høg vitskapleg kvalitet, så ser opptakskomiteen også på faktorar som ein kandidat sine leiarskapsevner, vitskapleg sjølvstende og interesse for alleuropeisk eller internasjonalt samarbeid, og vitskapspolitikk.
– I mitt tilfelle var leiarskapsevnene mine innanfor akademia tydelege, sidan eg har bygd opp ei særs produktiv og uavhengig forskargruppe som jobbar med urban motstandskraft og klimatilpassing. Dette har resultert i ei stadig aukande portefølje av konkurransedyktig forskingsfinansiering, hyppig siterte artiklar i leiande vitskaplege tidsskrift, samarbeid med framståande forskarar i mitt felt, og rettleiing og rådgiving av unge forskarar.
Teikn på internasjonal anerkjenning
Wardekker ser på medlemskapet som eit viktig teikn på internasjonal anerkjenning av arbeidet hans i eit større vitskapleg fellesskap; utover hans eige forskingsfelt, og frå eit akademi som er aktivt involvert i rådgiving om kunnskapsbasert politikkutvikling i Europa.
– Medlemskapet vil kunne auke synlegheita mi og den potensielle innverknaden forskinga mi kan ha på samfunnet. YAE er dessutan ei brei og engasjert gruppe menneske, så det vil alltids vere moglegheiter for å ta initiativ til nye og uføresette tverrfaglege samarbeid.
Vil involvere seg aktivt i YAE
Wardekker er den andre forskaren ved SVT som har blitt teke inn som medlem av YAE - Scott Bremer blei medlem i 2019. Bremer er for tida aktivitetsansvarleg i YAE sitt styre. Ein kandidat sitt ønskje om å aktivt bidra til YAE er også noko opptakskomiteen ser på, og Wardekker har absolutt vurdert å involvere seg i arbeidet deira no når han har blitt teke opp som medlem:
– Eg håpar å aktivt involvere meg i YAE sitt arbeid for kunnskapsbasert politikkutvikling via SAPEA og liknande aktivitetar. Dette inkluderer tverrfaglege vitskaplege rådgivingskomitear som blir starta for å adressere spesifikke tema når desse blir aktuelle. Eg har sett pris på å jobbe med slike komitear for den nederlandske regjeringa det siste tiåret, så dette er noko eg gjerne ønskjer å jobbe med i YAE også.