Hjem
Senter for vitenskapsteori
ERC Consolidator Grant

Særmerkt tverrfagleg UiB-forskar skal gå laus på betydeleg global samfunnsutfordring

Med finansiering frå EU skal Arnald Puy frå Senter for vitskapsteori ved UiB studere uvissa som påverkar forståinga vår av behovet for kunstig vatning i landbruk.

Portrait of Arnald Puy
– Denne tildelinga kjem til å opne opp feltet vatningsmodellering for den refleksive haldninga og mangfaldet av perspektiv som pregar humaniora, seier Arnald Puy.
Foto/ill.:
Alba Carmona

Hovedinnhold

Puy, ein tverrfagleg forskar som kombinerer antropologiske og historiske rammeverk med metodar frå miljøvitskap, økologi, modellering og statistikk, fekk ERC Consolidator Grant (CoG) for 2022 for prosjektet Illuminating Deep Uncertainties in the Estimation of Irrigation Water Withdrawals (DAWN).

Talfesting av behovet for kunstig vatning – ei betydeleg global samfunnsutfordring

EU-finansieringa gjer det mogleg for Puy og forskargruppa hans å fordjupe seg i prosjektet over fem år. Dette skal han gjere frå Senter for vitskapsteori (SVT), eit interfakultært og tverrfagleg forskingssenter ved Det humanistiske fakultetet ved UiB. SVT er leiande innanfor studiet av uvisse og kompleksitet i grensesnittet mellom vitskap og politisk styring.

Forskinga som skal gjerast i DAWN-prosjektet vender seg mot ei av dei mest betydelege globale samfunnsutfordringane i verda i dag: Å forstå og talfeste behovet for kunstig vatning (irrigation water withdrawals – IWW) i landbruket. I ei verd med eit stadig aukande folketal og ei overhengande frykt for vassmangel blir det stadig viktigare å forvalte vassressursar på ein berekraftig måte og produsere nok mat, samstundes som ein tek vare på miljøet.

Eit viktig hinder for å nå dette målet er den djupe uvissa som pregar framstillinga vår av behovet for kunstig vatning. Sjølv om ein utviklar stadig meir detaljerte modellar, blir ikkje denne uvissa redusert:

– I løpet av dei siste 30 åra har forskarar freista å kome fram til ei korrekt talfesting av behovet for kunstig vatning gjennom meir og meir detaljerte matematiske modellar, men anslaga deira ser ikkje ut til å nærme seg kvarandre, seier Puy.

Detaljerte modellar gir ofte meir usikre anslag

Kvifor mislukkast modellane i å gi korrekte anslag? I nyleg publisert forsking i Nature, Nature Communications og Science Advances, hevdar Puy og medforfattarane hans at det å prøve å utforme stadig meir komplekse modellar for å produsere meir korrekte kalkylar og anslag kan vere fåfengt, sidan meir detaljerte modellar kan ha ein tendens til å gi meir usikre estimat.

– Det å utvide modellane utan å undersøke korleis fleire detaljar skapar meir uvisse, avgrensar modellane si nytteverdi for politiske avgjersler i den verkelege verda, seier Puy.

–Utan at ein på grundig vis avdekker og freistar å forstå kva relevans denne uvissa har, så kviler kunnskapen vår om påverknaden menneska har på vassyklusen på ustø grunn.

Går vekk frå stadig meir komplekse modellar

Det Puy føreslår å gjere i DAWN er å snu feltet vatningsmodellering på hovudet ved å gå vekk frå forsøket på å framstille stadig meir komplekse modellar. I staden kjem han og forskargruppa hans til å studere den djupe uvissa bak forståinga vår av behovet for kunstig vatning.

– DAWN hevdar at det store gjennombrotet i feltet ikkje er å forvise uvissa, men å inkludere ho når vi konseptualiserer kunstig vatning for landbruk, seier Puy.

Ved å fokusere på tidlegare oversette uklarheiter skal DAWN fremje eit paradigmeskifte i hydrologisk modellering og landbruksvitskap. Prosjektet freistar å styrke grunnlaget for kunnskapen vår om kunstig vatning kraftig, samt auke kapasiteten vår til å utforme robuste modellar for kunstig vatning som kan brukast i politikkutforming.

Kombinerer vitskapleg og tradisjonell kunnskap om kunstig vatning

Korleis tenker Puy og forskargruppa hans å oppnå dette? Først planlegg dei å studere dei underliggande føresetnadane i alle globale modellar for kunstig vatning, og vurdere effekten av desse på estimata og styrken i dei viktigaste tankesetta som ligg til grunn for simuleringane. 

Vidare tenker dei å innhente innsikt i kunstig vatning frå dei som gjer dette med tradisjonelle metodar.

– Vi ønskjer å samanlikne forståinga til dei som brukar tradisjonelle metodar i kunstig vatning med den vitskaplege kunnskapen som gjennomsyrer dei globale modellane.

Til slutt skal DAWN kombinere kunnskapssystema til forskarar og dei som brukar tradisjonelle metodar, og vidare utvikle usikkerheits- og sensitivitetsanalytiske metodar for å utforske korleis uklarheitene i metodane påverkar modelleringa av kunstig vatning. Dette skal gjerast ved å kombinere tilnærmingar frå hydrologi, statistikk, filosofi og antropologi. Det endelege målet er å styrke kapasiteten vår til å utforme modellbaserte, politiske løysingar for kunstig vatning som kan levere resultat, trass i uvisse som ikkje let seg redusere.

– Denne tildelinga kjem til å opne opp feltet vatningsmodellering for den refleksive haldninga og mangfaldet av perspektiv som pregar humaniora. Det er ei anerkjenning av potensialet hybridforsking har til å bane veg for ukonvensjonelle forskingsretningar, seier Puy.

Rasmus Slaattelid, senterleiar ved SVT, seier at forskingsmiljøet ved senteret ser fram til det betydelege tilskotet til forskingsaktiviteten som Puy sitt prosjekt utgjer:

–  Utover den store bragden det er å få eit ERC Consolidator Grant, så viser Arnald og DAWN på framifrå vis potensialet i å kombinere perspektiv frå fleire fagfelt for å avsløre og forstå djupe epistemologiske problem i dagens modelleringspraksis, samt korleis tradisjonelle kunnskapssystem kan brukast til å forbetre kvaliteten på vitskaplege tilnærmingar til forvalting av ferskvassressursar.