Hjem
Senter for vitenskapsteori
Etikk i forsking

Vitskap for menneskeleg bløming

I opningsinnlegget sitt under årets generalforsamling i Det pavelege akademiet for livet utforska UiB-professor Roger Strand rollen etikk spelar i såkalla konvergerande teknologiar.

Roger Strand delivering his lecture in the Vatican
I opningsinnlegget sitt var Roger Strand blant anna innom konseptet sosiotekniske førestillingar (“sociotechnical imaginaries”) som blei introdusert av Sheila Jasanoff og Sang-Hyun Kim og videreutvikla i boka deira Dreamscapes of Modernity.
Foto/ill.:
Pontifical Academy of Life/Cristian Gennari/Siciliani

Hovedinnhold

Under årets generalforsamling for Det pavelege akademiet for livet (Pontificia Accademia per la Vita) var Strand invitert til å halde opningsinnlegget til todagars-workshopen “Converging on the person. Emerging technologies for the common good”.

Etiske og samfunnsmessige trekk ved framveksande teknologi

Temaet for arrangementet, som Strand i pressemeldinga si kalla “på sin plass og rett på sak”, går rett inn i eitt av hovudforskingsområda hans på Senter for vitskapsteori (SVT): dei etiske og samfunnsmessige trekka ved framveksande vitskap og teknologi. Strand er også ein av prosjektleiarane ved Senter for kreftmarkørar (Centre for Cancer Biomarkers - CCBIO), eitt av UiB sine Senter for framifrå forsking. Der tek han del i forskargruppa for ELSA-forsking (Ethical, Legal and Social Aspects of new technology) saman med SVT-kollega Anne Blanchard.

Vitskap og teknologi blir til i samspel med samfunnet

Om innlegget sitt, Ethical issues of converging technologies, seier Strand:

 – Hovudbodskapen min er at konvergerande teknologiar og dei etiske problemstillingane dei reiser er knytt til strukturelle trekk ved moderne samfunn og bør såleis bli behandla slik. Verken vitskap eller teknologi oppstår i eit vakuum, men blir til i samspel med samfunnet dei høyrer til.

Gode liv for menneska

Generalforsamlinga sitt fokus på konvergerande og framveksande teknologiar blei etterlyst av Pave Frans i Humana Communitias i 2019; eit brev til Det pavelege akademiet for livet i høve deira 25-årsjubileum. I brevet la han vekt på viktigheita av å sette «gode liv for menneska» i sentrum (“full flourishing of human beings”):

 – Eit anna område vi må sjå nærmare på er dei nye teknologiane som blir skildra som ‘framveksande’ og ‘konvergerande’. (…) Det finst eit påtrengande behov (…) for å forstå desse epokegjerande endringane og nye grenselanda slik at vi kan vurdere korleis vi kan bidra til at dei tener mennesket, samstundes som vi respekterer og fremjar verdigheita som bur i alle menneske.

Å bryte med det eindimensjonale teknokratiske paradigmet

I pressemeldinga si refererte Strand også til paven sitt encyklikale brev frå 2015, Laudato Si’. Dette brevet blei av mange omtala som Pave Frans si fråsegn om klimaendring.

 – Dei etiske problemstillingane tilknytt konvergerande teknologiar er samanfletta med  teknovitskapen sin politiske økonomi; med politiske agendaer for innovasjon og økonomisk vekst, og med marknadskrefter, ideologiar og kulturar for materialisme og konsumerisme. Dei er samanfletta med det som i det encyklikale Laudato Si’ med rette blir kalla det teknokratiske paradigmet.

Vidare utdjupa Strand kva rolle forskarar kan spele for å bryte med det paven kallar det «unyanserte og eindimensjonale paradigmet»:

 – Innanfor akademia kan vi bli betre i måten vi omtalar det som blir usynleg i det teknokratiske paradigmet. Medisin og helsevitskap kan i større grad ta innover seg eit breiare utval av verdiar, inkludert den åndelege dimensjonen. Vi kan utvikle ein vitskap som skapar gode liv for menneska.

Mot slutten av innlegget sitt gav Strand følgande råd om korleis dette kan gjerast:

  • Oppfordre til ansvarleg forsking og innovasjon
  • Rekn med det som per dags dato ikkje tel når ein utviklar ein vitskap som skapar gode liv for menneska.
  • Lytt betre til marginale stemmer
  • Hald fram med å spørje: Kan denne sosiotekniske retninga hjelpe oss med å hugse korleis liva våre verkeleg kan vere, og styrke oss når vi freistar å leve dei på denne måten?

Sjå videoen av heile opningssesjonen her. Strand sitt innlegg startar 24:33.

February 20 2023 morning - Opening Session

Produsent:
Pontifical Academy for Life

Alle sitata i saka er omsett frå engelsk til norsk av artikkelforfattaren.