Hjem
Universitetsbiblioteket
Lånereglar

Lånereglar

Reglar for utlån og bruk av Universitetsbiblioteket sine tenester.

Hovedinnhold

Universitetsbiblioteket i Bergen låner ut bøker og anna materiale, og gjev tilgang til informasjon i elektronisk form til studie- og forskingsbruk. Universitetsbiblioteket brukar e-post eller sms til å senda melding til lånarane. Brot på lånereglane kan føra til tap av rett til lån og andre tenester.

Lånekort

Lån av bøker og andre dokument krev lånekort ved Universitetsbiblioteket. Lånekortet gjeld ved alle biblioteka. Lånekortet er personleg. Tap av kort må snarast meldast til biblioteket. Lånar pliktar å sjå til at opplysningane om adresse, telefon, e-post m.m., er korrekte. Ein får lånekort mot framvising av gyldig legitimasjon med bilete. Studentar og tilsette ved Universitetet i Bergen brukar eige studie-/id-kort som lånekort.

Lånetid og reglar for utlån

Normal lånetid er 4 veker. Dersom ingen har reservert dokumentet, blir lånetida automatisk fornya inntil maksimal utlånstid er oppnådd, som regel etter 4 månader for studentar og 6 månader for tilsette. Lånetida må haldast. Ved fråver frå institusjon/arbeidsplass utover 4 veker, f.eks. studieopphold i inn-/utland, skal utlånt materiale leverast inn før avreise. Vidarelån til andre er ikkje tillate.
For pensumlitteratur gjeld eigne reglar. Noko materiale er pålagd spesielle lånerestriksjonar.

Purring og krav

Når utlånt materiale ikkje er innlevert etter to purringar, vil lånar ved utsending av innkalling tredje gong få erstatningskrav og bli nekta vidare lån. Lånar er erstatningspliktig for sine lån og kan gjera opp for seg på ein av tre måtar: levera inn det utlånte materialet, skaffe eit erstatningseksemplar eller betale minst NOK 1000,- per dokument med Vipps eller faktura. Vend deg til ditt bibliotek for å gjera dette. Frist for å innfri kravet er ti dagar frå utsendt erstatningsvarsel. Krav som ikkje vert innfridd vert overført til Økonomiavdelinga, som sendar faktura. Om utlånt materiale framleis ikkje vert levert eller erstatta, blir saka overført til Fair Collection for videre innfordring. Fair Collection har då overtatt saka og inkassokravet må betalast. 

Tapt/skadd materiale

Lånar må erstatte tapt eller skadd materiale. Understreking eller notering i bøker blir rekna som skadeverk. Tapsmeldt materiale som seinare kjem til rette, er framleis biblioteket sin eigedom. 

Elektroniske dokumenter

Elektroniske tidsskrift og andre elektroniske dokument kan lesast på alle PC-ar knytte til Universitetet sitt nettverk.

Fjernstudentar

Se egne regler for fjernstudenter

Lån fra andre bibliotek

UB kan låna inn studie- og forskingsrelevant litteratur frå andre bibliotek for tilsette og studentar ved UiB. Eigarbiblioteket bestemmer lånetid og høvet for fornying av lån.

Det er eigne reglar for Biletsamlinga og for andre spesialsamlingar.

For nokre tenester krev biblioteket gebyr frå brukar.

Det kan i særskilte høve bli gitt dispensasjon frå lånereglane.

Plakat over purrerutinene