Hjem
Universitetsbiblioteket
Fagressurser

Biologi

Litteratur- og informasjonsressursar for biofaga

Hovedinnhold

Biblioteket tilbyr trykte og elektroniske bøker, tidsskrift, oppslagsverk og databasar innan biofag. Søk i vårt system Oria (den blå boksen over) etter bøker vi eig eller abonnerer på. Bøkene er tematisk ordna på hyllene etter Dewey-systemet (under), e-bøkene er tilgjengelege så lenge du er tilkopla VPN

Er boka utlånt? Har vi den ikkje? Finn boka i Oria.no, eventuelt ved å endre søket til "Norske fagbibliotek" eller "Søk i alle kilder". Logg deg på og reserver/bestill. Hastar det, kan du skrolle nedst på boka si side for å finne heilt fysiske alternativ i det virtuelle biblioteket. Har du litt betre tid, kan du og kome med innkjøpsforslag.

Bonustips: Om du slit med å finne ei god bok for ditt tema, kan du få hjelp til å finne gode søkeord og treff med Realfagstermar.

Vitskaplege artiklar

Saman med bøker, rapportar o.l. kan du i Oria finne vitskaplege artiklar. Som default viser lista treff du har tilgang til, online eller trykt i biblioteket. For å inkludere materiale vi ikkje har umiddelbar tilgang til kan du endre nedfellsmenyen til venstre for søkefeltet frå Universitetsbiblioteket i Bergen til Søk i alle kjelder. Du kan så bestille utskrift av desse artiklane frå andre norske bibliotek (gratis).

Gå direkte til fagspesifikke databasar for grundige søk og funksjonalitet som manglar i Oria og Google Scholar. Nokre av databasane er tilgjengelege gratis, men våre lenker sikrar 'bonustenester' forbeholdt UiB-brukarar. Forlagsdatabasar (t.d. BioOne) kan og brukast, men desse viser berre resultat fra eitt eller et par forlag.

Abstraktdatabasar (søk på tvers av forlag)

Web of Science
ASFA - Aquatic Sciences and Fisheries Abstracts
JSTOR
Biosis Previews
PubMed (Medline)
Zoological Record

Ordbøker og encyclopedier. Artskunnskap

Sjekk korleis ekspertar definerer eller oppsummerar biologiske begrep og fenomen i eitt av våre elektroniske oppslagsverk! Midt i blinken for oppgåveskriving. Eit raskt utval finn du i karusellen under (klikk på boka for meir info). For fleire verk som dekker biologi, genetikk, økologi, åtferd, plantebiologi, spesielle habitat, dyre- eller plantegrupper, vern og miljøendringar, prøv eitt av desse: Oxford Reference CollectionSpringer Link - Life sciencesGrzimek’s Animal Life Encyclopedia (Amfibiar, Fugl og Fiskar) eller The Prokaryotes. Trykte verk står i referansesamlinga eller i Dewey-samlinga vår (spør i skranken). 

--- Ei liste over artskunnskaps- og taksonomiressursar finn du her ---

Finn boka på hylla: Dewey

Våre bøker er tematisk ordna på hyllene etter Dewey-systemet. Dermed vil du finne bøker om same emne på same hylle. Svært spesialiserte bøker vil kunne få mange desimalar, medan generelle verk har korte kodar. Under ser du Dewey-kodar for nokre sentrale bio-emne. Klikk på lekene for litteraturtips. 

 

333.95       Biodiversitet

363.73       Forureining

508            Naturhistorie

571            Fysiologi

571.9         Sykdommer, toksikologi - inkl fiskesjukdomar

572.8         Molekylærbiologi, molekylær genetikk

573            Anatomi, organsystem, histologi - Inkl. sjukdomar bestemte system

576.5         Genetikk, arvelegheit

576.8         Evolusjon

577            Økologi - Inkl humanøkologi  (577.27),
                  bestemte habitat (skog 577.3, vatn 577.6, hav 577.7)

578.012     Systematikk, taksonomi -
                  Sjå 578.014 for taksonomisk nomenklatur

579.2         Virus

579.3         Bakterier

579.5         Sopp - Sjå 579.6 for hattsoppar

579.7         Lavar (Lichenes)

579.8         Algar

592-595     Virvellause dyr

597-599     Virveldyr

639.1         Jakt

639.2         Fiske - Ink. kval- og selfangst.
                  Sjå 639.5 for krepsdyrfiske

639.3         Fiskeoppdrett (sjå 639.8 for akvakultur,
                  639.4 oppdrett av blautdyr,
                  639.6 oppdrett av krepsdyr)

639.9         Naturvern

Læringsressursar og verkty

  • Ordbøkene Nynorskordboka og Bokmålsordboka er eit digitalt tilbud frå UiB og Språkrådet
  • Søk&Skriv Guide til informasjonssøk og akademisk skriving, utarbeidd for studentar
  • PhD on Track Ressurs for unge forskarar ved norske universitet og høgskular
  • Zotero og andre referansehåndteringsprogram
  • biOrakel  Om du skriver rapport, essay eller annen tekst og har behov for veiledning
  • Biologididaktikk - Undervisningsblogg og verktøykasse

Undervisningsstøtte: Biblioteket kan tilby kurs skreddersydd til emner på matnatfakultetet. Ta gjerne kontakt for å høre hvilket innhold vi kan tilby.

Populærvitskap, hage, sportsfiske og kjæledyr

På biblioteket har vi også stort utvalg av populærvitskaplege bøker for ein kvar som ønskjer å halde seg oppdatert om naturvitkapleg forsking utanfor eige felt (UBBRB popvit, look for new titles in the carousel below)

Bøker om hage, sportsfiske og kjæledyr er ikkje strengt tatt ein del av naturvitskapen, men kan likevel vere med på å utvide vår forståing. Du finn våre hage-, fiske- og kjæledyrbøker på Dewey-koder 635-636 og 799.1.

Og visste du at Charles Darwin sine samla verk er å finne gratis og tilgjengeleg for alle?

Treng du hjelp? Bibliotektenester

På biblioteket set vi gjerne av tid til deg dersom du ønskjer hjelp med å finne fram til materiale til ei oppgåve, finne ut av referansehandtering, eller korleis du skal vise til kjelder i oppgåva di. Bestill ein bibliotekar på dette skjemaet, eller stikk innom meg, Hege Folkestad på kontoret. Eg møter deg gjerne i biblioteket, eller vi kan møtest digitalt.

Under finn du nokre fleire av tenestene vi tilbyr frå ei  våre avdelingar på biblioteket

Referansehandtering 
-Korleis sitere og referere ulike kjelder korrekt i ei oppgåve
-Hjelp med EndNote eller andre referansehandteringsprogram

    Søk
    -Hjelp til å finne kjelder for ei gitt oppgåve eller problemstilling
    -Oversikt over aktuelle plattformar og databasar (med styrker og svakheiter)

    -Dokumentasjon av søk
    -Uttømmende og presise søk
    -Patentsøk

    Publisering
    -Opphavsrettslege problemstillingr knyttet til publisering og bruk av andres intellektuelle arbeid
    -Tidskriftavtalar
    -Publiseringsfond

    Bibliometri
    -Analysere faglitteratur ved bibliometriske metodar
    -Kritisk refleksjon rundt målemetodane og deira bruk i evalueringssamanheng
    -Det nasjonale system for registrering, evaluering og rapportering av forsking og forskingsdokumentasjon (Cristin)
     

    Anna forskningsstøtte