Nyttig informasjon for tidsskrift
Her finn du nyttige lenkjer og informasjon om oppstart av Open Access-tidsskrift, ISSN, lisensar, vitskaplege kanalar med meir.
Main content
Korleis etablere eit open accesss-tidsskrift?
Developing Open Access Journals: A practical guide gjev praktisk informasjon til oppretting og drift av Open Access-tidsskrift.
Open Journal Systems
Nettside: https://pkp.sfu.ca/ojs/
Bruksrettleiing: Learning OJS 3.3: A Visual Guide to Open Journal Systems
Rettleiing-videoar: http://pkpschool.sfu.ca/
Spørsmål – forum: https://pkp.sfu.ca/support/forum/
ISSN
Alle tidsskrift som vert publisert hjå BOAP må ha eit ISSN. ISSN er eit internasjonalt system for identifisering av periodiske publikasjonar.
Korleis få ISSN?
I forkant av utgjeving bør redaksjonen sende ein søknad til ISSN Norge:
https://www.nb.no/standardnummerering/issn/sok-om-issn/
Les meir om ISSN her: https://www.nb.no/standardnummerering/issn/
ISBN
I skriftseriar skal den enkelte monografien også ha eit ISBN som står for internasjonalt standard boknummer. Les meir her: https://www.nb.no/standardnummerering/isbn/
Vitskaplege kanalar
For at publisering i tidsskriftet skal verte teljande i det norske finansieringssystemet, må tidsskriftet vere registrert som vitskapleg kanal. Tidsskrift vert godkjent etter visse kriterium som i korte trekk seier at tidsskriftet skal:
- vere identifiserbart med ISSN
- ha ein vitskapeleg redaksjon
- ha rutinar for fagfellevurdering
- ha ein nasjonal eller internasjonal forfattarkrets, dvs. at maksimalt 2/3 av forfattarane kan høyre til ein og same institusjon.
Les meir om kriteria for godkjenning av publiseringskanalar.
Skjema for forslag til vitskaplege kanalar.
Digital Object Identifier (DOI)
BOAP har inngått avtale med Crossref om bruk av DOI for BOAP. DOI er ein standard for identifisering av elektroniske objekt som til dømes tidsskrift, artiklar og bøker. Ein DOI sikrar ei stabil og permanent lenkje til objektet.
Det er opp til den enkelte redaksjon om dei ynskjer å nytte dette tilbodet. UB tek kostnadane for bruk av DOI, set opp Open Journal System (OJS) til å handtere DOI og overføre nødvendig metadata til CrossRef. Tidsskrifta forpliktar seg til, i den grad det er mogleg, å sikre at alle referansar inneheld ein DOI.