Hjem
Det humanistiske fakultet
Prosjekt

Studieporteføljen ved HF

Det humanistiske fakultetet har sett i gang eit arbeid med å vidareutvikle studieporteføljen.

Studenter som går sammen og snakker
Foto/ill.:
Eivind Senneset

Hovedinnhold

Dette skjer i prosjektet no

Hausten 2024 er sett av til å rigge organisasjonen for samarbeid på tvers, og sikre at fagmiljøa har gode rammer for vidare arbeid med tiltaka vedtatt i Studieporteføljeprosjektet. Det er sett ned ei rekke arbeidsgrupper som i løpet av hausten 2024 skal finne svar på mellom anna: fordeling av resultatmidlar knytt til fellesemne og organisatoriske vilkår for samarbeid om emnepakkar og fellesemne. For meir informasjon knytt til dei enkelte arbeidsgruppene, sjå i nedtrekksmenyen under. 

Tiltak 1: Fordeling av resultatmidlar

Dette tiltaket er under arbeid. Oppdatert 20.12.24

Tiltak 1 i tiltaksplanen (Prinsipp for fordeling av resultatmidlar og fagleg/organisatorisk samarbeid) har blitt splitta i to grupper. Bakgrunnen for dette er at det har vore utfordrande å finne ei gruppe som kan svare ut den store bestillinga knytt til organisatoriske prinsipp og rammevilkår.

Det er sett ned ei arbeidsgruppe som skal jobbe fram eit forslag til økonomiske rammer slik at fagmiljø kan utarbeide særleg fellesemne i spesialisering. Spørsmål som må takast stilling til er mellom anna: 

•    Korleis skal studiepoeng/resultatmidlar fordelast ved fellesemne
•    Utteljing for/føring av undervisningsressursar på tvers av fagmiljø 
•    Er det behov for/ønskeleg med felles normer for bruken av undervisningsressurs på fellesemne/tverrfaglege emnepakkar?

Medlemar i arbeidsgruppa:
Rasmus Slaattelid (leiar)
Britt Kristin Holsen (administrasjonssjef, AHKR)
Steinar Thunestvedt (administrasjonssjef, FoF)
Kjetil Berg Henjum (professor, tysk språk)
Helga Ramstad Vatsaas (studieleiar, LLE)
Anders Sæle Dale (controller, økonomiseksjonen ved HF)
Ellen Vikersveen (rådgivar, sekretariatsfunksjon)

Forslag til rammeverk skal leggjast fram for Styringsgruppa i møte 13. januar, og seinare til Fakultetsstyret. 
 

Tiltak 1: Fagleg/organisatoriske rammer

Dette tiltaket er under arbeid. Oppdatert 20.12.24

Tiltak 1 i tiltaksplanen (Prinsipp for fordeling av resultatmidlar og fagleg/organisatorisk samarbeid) har blitt splitta i to grupper. Bakgrunnen for dette er at det har vore utfordrande å finne ei gruppe som kan svare ut den store bestillinga knytt til organisatoriske prinsipp og rammevilkår.

Studiestyret har fått eit særleg ansvar for punkta i tiltak 1 som er knytt til fagleg/organisatoriske spørsmål, til dømes: 

  • Kven har den faglege styringa og vedtaksmyndigheit for fellesemne? 
  • Kven har det studieadministrative ansvaret for fellesemne? 
  • Kven har den faglege styringa for tverrfaglege emnepakkar? 
  • Kven har det studieadministrative ansvaret for tverrfaglege emnepakkar? 
  • Utarbeiding av rammer for studiekvalitet i emnepakkar og fellesemne (t.d. felles mal for emnepakkar)

Det er oppretta eit undervisningskoordinatorforum i prosjektperioden. Dette forumet består av alle undervisningskoordinatorane ved HF, og gruppa skal møtast cirka ein gang i månaden for å sikre framdrifta i prosjektet. Planen er at retningslinjer og rammer for emnepakkar skal opp i møte i Studiestyret 15. januar 2025. 

Undervisningskoordinatorforum har og ansvar for eit fellesarrangement knytt til utvikling av emnepakkar og fellesemne. Foreløpig plan er at arrangementet finn stad i midten av februar. Dette kjem det ut eigen informasjon om. 

Tiltak 2: Studieadministrativ organisering

Dette tiltaket er ikkje sett i gang. Oppdatert 18.12.24

Studieadministrasjonen ved HF blir løpande orientert om Studieporteføljeprosjektet i Studienettverket ved fakultetet. Nettverket diskuterer prosjektet jamleg og kjem med innspel på enkeltspørsmål. Eit større prosjekt knytt til samarbeid på tvers kan først setjast i gang når rammer knytt til fellesemne i spesialisering og emnepakkar er meir klart. Det kan og vere aktuelt å dele tiltaket opp i fleire små grupper som jobbar fram enkelte punkt i tiltaksplanen. 

Studieseksjonen på fakultetet er ansvarleg for å organisere dette tiltaket, i samråd med studieleiarar og studieadministrasjonen. 

Tiltak 3: Fellesemne i første semester

Dette tiltaket er under arbeid. Oppdatert 20.12.24

Innhaldet i første semester skal fornyast og det skal opprettast eit nytt fellesemne i førstesemester som er obligatorisk i alle bachelorgrader ved HF. Det må utgreiast korleis emnet kan vidareutviklast på ein måte der det tydeleg relaterer seg til tema knytt til digitale ferdigheiter og/eller kunstig intelligens på same tid som det opprettheld den viktige funksjonen dagens Akademisk skriving har knytt til lesing og skriving som grunnleggjande HF-ferdigheit. 

Utviklinga i emnet må skje i tett tilknyting til vidareutvikling av dei programspesifikke innføringsemna og ex.phil. Det skal jobbast fram ein større heilskap i første semester. 

Første undervisningssemester for det nye fellesemne er hausten 2025, og det vil bli lagt til rette for ei overgangsordning for emnet Språkkunnskap - for dei programma som treng bruke dette emnet hausten 2025. 

Medlemar i arbeidsgruppa:
Steinar Bøyum (leiar)
Benedicte Irgens (IF)
Christine Hamm (LLE)
Ines Prodöhl (AHKR)
Aline Pena Gill (studentrepresentant)
Abigali Da Silva (studentrepresentant)
Julia Helene Hansen (studentrepresentant)
Hanne Svanholm Misje (sekretariatsfunksjon)

Tiltak 4: Utvida mentorordning til heile første studieår

Dette tiltaket er under arbeid. Oppdatert 18.12.24

Hausten 2024 blir det gjort eit innsiktsarbeid knytt til utvida mentorordning, før ei arbeidsgruppe blir sett ned våren 2025. Dagens mentorordning varer ut første semester, og Studieporteføljeprosjektet vil utvide denne ordninga til heile første studieår. Arbeidet med utvida mentorordning må sjåast i samanheng med revidert innhald i første semester. 

Hausten 2024 har det vore fleire arrangement der utvida mentorordning har blitt eit tema. I november 2024 blei det arrangert HF-dag i NG5, ein dag der alle fagkoordinatorar og alle leiargrupper ved HF deltok. Halve dagen var sett av til utdanningsfeltet, og auka gjennomføring var tema. Overgangen frå første til andre semester var mykje diskutert på dette seminaret, og særleg ein samtale med studiekonsulentar la vekt på at sjølv om vi gjerne er god på å sikre eit godt mottak i første semester så er vi ikkje like god på å hjelpe studentar med overgangen til andre semester - der dei møter disiplinfaget for fullt. Å skape fagleg tilknyting til mentorordninga var og mykje diskutert. 

I desember 2024 har mentorkoordinator ved fakultetet hatt fleire møte og workshops med mentorar og tilsette ved HF for å hente inn innsikt om behova knytt til ei utvida mentorordning. 

Prosjektet fram til september 2024

 Studieporteføljeprosjektet skal:

  • som utgangspunkt konsentrere seg om HF sine bachelorprogram
  • kome med tilrådingar til ei studieportefølje med tydlegare arbeidsrelevans
  • sikre berekraftig ressursbruk som vil innebere ei effektivisering av ressursbruken knytt til undervisning

Bakgrunn

Rekrutteringa til dei fleste av studieprogramma på HF har vore i nedgang over fleire år. Som resten av sektoren opplevde Det humanistiske fakultet ein oppgang i søkartal og studiepoengproduksjon under koronapandemien. I dei to etterfølgande åra har det derimot vore eit sterkt fall i søkartala til studia ved fakultetet, slik at dei i dag er på eit lågare nivå enn dei var før pandemien.

HF forvaltar ei stor fagleg breidde, men har strukturelle utfordringar knytt til studieporteføljen. Ei av utfordringane er det store omfanget studieprogram og -emne. Per i dag tilbyr HF i alt 64 studieprogram og over 700 emne. Eit slikt omfang er ikkje økonomisk berekraftig, og legg heller ikkje til rette ei god utnytting av undervisningsressursane.

Fakultetsstyret har vedteke å setje igang eit arbeid med å vidareutvikle studieporteføljen, og har sett ned ei arbeidsgruppe med mandat til å kome med framlegg til eit attraktivt studietilbod som rekrutterer sterkt og legg til rette for god gjennomføring.

Sluttrapport og framdriftsplan

Sluttrapporten frå Studieporteføljeprosjektet er no klar og tilrådingane i rapporten vart vedtekne i fakultetsstyret tysdag 10. september 2024. Du kan lese heile rapporten her.

Møte i arbeidsgruppa

13. mai 2024
På møtet i arbeidsgruppa 13. mai var hovudtema oppfølging av diskusjonane frå fakultetsstyremøtet 7. mai, der det blei lagt fram eit framdriftsnotat for styret. Dette notatet innehaldt konkrete tiltak som blei diskutert i møtet. Møtet i arbeidsgruppa blei vidare brukt til å diskutere vidare framdrift, kva behov som er for utgreiing av visse punkt og kva som må avklarast i arbeidet med å ferdigstille rapporten.  

23.-24. april (fakultetsleiarkonferanse)
23. og 24. april var heile fakultetsleiinga samla for fakultetsleiarkonferanse der store delar av første dag blei via til Studieporteføljeprosjektet. Ketil Zachariassen frå UiT var invitert til å fortelje om studieporteføljeprosessen ved UiT, som har resultert i ein såkalla «byggeklossmodell.» Føremålet med prosjektet ved UiT er mellom anna å redusere talet på emnet som blir tilbudd og utnytte undervisningsressursane betre - ikkje ulikt enkelte av måla i HF sitt prosjekt. Svein Ivar presenterte framdrifta i prosjektet, og la fram moglege skisser for vidare arbeid. Mykje av innhaldet i presentasjonen blir og lagt fram skriftleg for fakultetsstyret på neste møte, 7. mai. Sakspapira for det neste fakultetsstyremøtet ligg her, sjå sak S 29/24 for å lese notatet.

13. mars
Før dette møtet bad arbeidsutvalet i prosjektet om innspel knytt til modell for BA-programma ved fakultetet, ut frå føresetnaden om at vi må ha ein modell som er fleksibel og som tek omsyn til innspel som har kome til no. Dette gjeld til dømes opplegget for 1. semester og fellesemne som kan inngå i spesialiseringane. På møtet var det ein diskusjon knytt til særskilte utfordringar i BA-programma. 

Ganske mange av programma på fakultetet har hatt dårleg studentrekruttering over tid. Arbeidsgruppa er samstemt på at arbeidet for å styrkja gjennomføringa må vera sentralt framover. Arbeidsgruppa drøfta òg opplegget i første semester i BA-programma. Ex.fac. og innføringsemne er no ute av UiB si studieforskrift, og HF må òg ta stilling til kva status desse emna skal ha. Tilbakemeldinga frå fagmiljøa er at emna i varierande grad svarer til dei behova som finst i programma. På same tid representerer ex.fac. generiske ferdigheiter som går på tvers av HF-programma, og har ein verdi ut frå dette. 

Arbeidsgruppa var samstemt om at studieporteføljeprosjektet no går over i ein ny fase, der ein må ta til med det konkrete arbeidet med ein rapport. AU følgjer opp dette i dialog med institutta framover. Ein første milepåle vert fakultetet sin leiarkonferanse i slutten av april. Det er òg bestilt ei sak til fakultetsstyremøtet 7. mai som gjer greie for status i prosjektet og som gjev ei skisse til kva sluttproduktet for prosjektet skal vera. Utkast til rapport skal vera klar før sommarferien, og fakultetsstyret skal fatta vedtak i saka på det første styremøtet til hausten.

16. februar
Instituttleiarane vart utfordra til å kommentere på eit utkast til ein ny BA-modell der spesialiseringa i programma startar i første semester, og at innføringsemna og ex.fac.-emne i dette semesteret vert erstatta av HF-generiske fellesemne seinare i løpet. Under diskusjonen kom det fram at det er ulike haldningar til kva funksjon emna i første semester har i programma. Det er på same tid klart at det arbeidast vidare med ein fleksibel modell som mogleggjer å utvikle fellesemne der fagmiljøa ser seg tente med dette. På møtet vart det òg lansert fleire utkast til fleksible modellar som kan ta arbeidet vidare. Synspunkta som kom fram på dette møtet vert følgt opp av arbeidsutvalet i prosjektet, som no mellom anna arbeider med å kartleggje synet på/funksjonen til innføringsemne og ex.fac.-emna. AU arbeider òg med å få kartlagt kva konkrete tankar om tverrfaglege fellesemne som finst i fagmiljøa, i tillegg til å kartleggje forslag om ressurssparande tiltak knytt til undervisningsporteføljen ved fakultetet.

26. januar (heildagsseminar)
I forkant av heildagssamlinga var det sendt ut ein del spørsmål som alle fagmiljø ved fakultetet fekk høve til å respondere på. For det første vart dei spurde om korleis ein stiller seg til å erstatte delar av spesialiseringa i BA-programma med tematiske emnepakkar og/eller fellesemne på tvers av fagmiljø/institutt. Vidare vart dei spurde om korleis ein stiller seg til å erstatte delar av spesialiseringa i BA-programma med tematiske emnepakkar og/eller fellesemne på tvers av fagmiljø/institutt. Endeleg fekk fagmiljøa spørsmål om kva gevinstar og fallgruver ein ser ved å innføre obligatorisk utveksling som del av bachelorgrad ved HF. Den generelle haldninga i fagmiljøa var at ein var svært skeptisk til gjere grep som kan rokke ved omfanget av spesialiseringa i BA-programma. Det kom likevel fram at fleire fagmiljø alt er i gang med å utvikle fellesemne som kan inngå i ulike spesialiseringar. Fleire fagmiljø var òg positive til å samarbeide meir med andre. På det andre spørsmålet kom det først og fremst fram ei oppfatning av at studentane bør kunne få klarare tilrådingar i måten dei bruker dei frie studiepoenga sine på. Alle fagmiljø var avvisande til å gjere utveksling obligatorisk, men svært mange meinte òg at ein likevel burde arbeide for å få fleire studentar til å reise på utveksling.

Diskusjonen på heildagsseminaret var engasjert, og føregjekk både i grupper og i plenum. Ein fall ikkje ned på eintydige konklusjonar. Men det var semje om at det kan vera føremålstenleg å arbeide fram mot ein fleksibel modell for BA-programma ved fakultetet som legg til rette for at dei miljøa som vil arbeide fram tverrfaglege og felles emnepakkar har høve til det. Desse prinsippa skal ligge til grunn:

  1. Ex.phil. skal ligge i første semester
  2. Delar av spesialiseringa kan erstattast av tverrfaglege/felles emne
  3. Det må vere mogleg å reise på utveksling i programmet
  4. Modellen må ivareta at HF har årsstudium, og det skal vere mogleg å ta 60 studiepoeng i undervisningsfag
  5. Modellen må ivareta at det kan leggjast inn valfrie, tverrfaglege emnepakkar som del av frie studiepoeng

I etterkant av heildagssereminaret vart det bestemt at undervisningskoordinatorane ved institutt/senter går inn i arbeidsgruppa til prosjektet.

19. desember
Hovudtema for møtet var å sjekke inn med andre pågåande prosessar ved fakultetet som kan få konsekvens for Studieporteføljeprosjektet. Lingvistikkmiljøet presenterte sitt prosjekt om eit framtidsretta studium i digitale språkressursar. Formålet med prosjektet er ikkje bestemt – det kan kome ei rekke forslag som programstyra må ta stilling til, og studie-/emnetilbod kan vere retta mot alle nivå frå første semester til ph.d., eventuelt EVU-tilbod. Per no pågår det ei behovsanalyse blant alumnar, næringsliv og offentleg sektor om humanistisk utdanning og arbeidsrelevans.

Arbeidsgruppa vil få ein gjennomgang av eit studietilbod i filosofi, politikk og økonomi (FPØ) på eit seinare møte.

17. november
Arbeidsgruppa har jobba med å sette ein tydlegare kurs for prosjektet og har landa på nokre premiss. Ein slik premiss er at det vert tatt utgangspunkt i bachelorprogramma. Via arbeidsgruppa vert det no sendt ut ein del spørsmål som alle fagmiljøa ved fakultetet får moglegheit til å spele inn på. Arbeidsgruppa ønskjer å greie ut ei rekke moglegheiter for bachelorprogramma, før prosjektet kan tilrå endringar i eksisterande portefølje. Fagmiljøa sine innspel vil vere grunnlag for eit lengre møte i arbeidsgruppa i slutten av januar der ein vil arbeide vidare med konkrete forslag.

På novembermøtet blei det diskutert at det er behov for å definere kva som kan inngå i termen "arbeidsrelevans" og korleis dette kan jobbast fram i studieprogramma. Døme på HF-relatert arbeidsrelevans kan vere fellesemne i kulturminneforvaltning, digital humaniora, informasjonsarbeid, arkivarbeid, andre reine praksisemne etc. Arbeidsrelevans kan òg innebere måtar ein driv undervisning på.

Medan arbeidsgruppa ventar på innspel frå fagmiljøa, vil gruppa oppdatere seg på andre prosessar ved fakultetet med relevans for studieporteføljeprosjektet. Døme på slike prosessar er: modell D på lektorprogrammet, oppretting av FPØ, og LLE-prosjektet om framtidsretta studie med digitale språkressursar.

25. oktober
Gruppa jobba med første punkt i mandatet: Det skal identifiserast kva program det er særskilte utfordringar knytt til rekruttering og gjennomføring. Gruppa såg på talmateriale som handla om søknadstal, gjennomstrøyming og fråfall og studieprogrammigrasjon på alle HF sine bachelorprogram. Kva tendensar er særleg utfordrande, kva tendensar er særleg positive, og kva kan vere grunnane til utfordringar knytt til rekruttering og gjennomføring. Er det emne/tema/program som ser ut til å vere særleg populære, blant både HF-studentar og blant studentar utanfor program?  

12. september
Første møte i prosjektgruppa for studieporteføljeprosjektet. Den viktigaste saka var då å tolke mandatet og legge opp ein arbeidsplan. Rapporten frå forprosjektet er det sentrale utgangspunktet for jobben gruppa skal gjere. 

Heildagsseminar om UiB FRAM og studieporteføljen  |   oktober 23

Fagkoordinatorar, fagleg leiing, administrasjonssjefar og studieleiarar var samla til heildagsseminar for å diskutere og utveksle erfaringar knytt til UiB Fram og studieporteføljeprosjektet. Hovudtemaet for studieporteføljesamlinga var å diskutere «Kva er og bør ein kvalifikasjon frå eit HF-program vere». Gruppearbeid med engasjerte, kreative og konstruktive diskusjonar. Det å treffast på tvers av fag og institutt var verdifullt for både fag og fellesskap, og fakultetet vil arbeide for fleire slike møtepunkt.

grupparebeid
Foto/ill.:
UiB

Arbeidslivet har en litt annen diskurs enn den akademiske, og dere som skal ut i det vil oppdage at det er stor etterspørsel etter nettopp den kompetansen som HF-erene kan by på, når man bare får avkodet hva man skal kalle det man kan.

Sitat: alumn Oda Elisabeth Wiese Tvedt til dei ferske masterkandidatane ved HF i 2022

Resultat frå gruppearbeiet har følgande tilråingar til det vidare arbeidet i porteføljeprosjektet

  • Byggja bruer til arbeidslivet – fakultetet kan ha emne som er felles for alle fagmiljø og studieprogram
  • Danning, digital kompetanse og AI må med
  • Vi har dei modigaste studentane, strekket i studentlaget er ei utfordring, men kven skal tilpassa seg til kven?
  • Vi må finna eit språk og ei forteljing som er verksam i dag
  • Vi må hugse at vi jobbar med alle former for kommunikasjon, ikkje berre tekst, også visuelt

To plakater med skrift på
Foto/ill.:
UiB

Møte med referansegruppa   |   november 23

Arbeidsgruppa hadde møte med representantar i den eksterne referansegruppa 8. og 10. november. 

Desse spørsmåla var sendt ut på førehand og utgjorde bakteppet for samtalane: 

  • I kva grad treff studietilbodet vårt behov i samfunns og arbeidsliv?
  • Kva kvalifikasjonar/kompetansar er dei mest verdifulle som HF ar representerer i samfunns og arbeidsliv?
  • I kva grad kan slike kompetansar/kvalifikasjonar lesast ut av studieprogrampresentasjonane på nett?
  • Kva moglegheiter ser de i utviklinga av studieporteføljen vår?
  • Kva retning bør ei vidareutvikling av porteføljen ta?
  • Korleis bør vi ivareta tilhøvet mellom fagleg breidde og spissing?

Representantane i gruppa var tydelege på at HF-kompetanse er etterspurt i samfunnet. Samtalene gav mykje nyttig innsikt i korleis denne kompetansen kan bli brukt i arbeidsmarknaden i dag.

Eit utval innspel og refleksjonar: 

  • Attraktive studiar. Det er ein tendens at studentane vel studiar der dei får «valuta» for gode karakterar. Eit honours-program kan gjere det meir attraktivt for dei flinkaste studentane. Eigne forskarlinjer for særleg motiverte studentar? 

  • Kultur bygger samfunn – vi forvaltar og gir tilgang til historikken folk treng for å fungere i vårt samfunn. Kontrast til KI. 

  • Dagens samfunn. Informasjon kjem frå alle kantar. Handteringa av det = skills som kanskje HF er den beste på å lære oss.  

  • Ferdigheitene ein lærer må løftast fram. 21st century skills.  

  • Livslang læring. På HF lærer ein å lære, og å lære i fellesskap. Det er viktige eigenskapar i eit langt og endrande arbeidsliv. 

  • Fleksibel. HF gir kompetanse som gjer studentane fleksible. Det er ikkje ei instrumentell utdanning; ein lærer å sjå andre løysingar, ein ser ting med eit anna blikk. Kan jobbe med andre perspektiv.  

  • Generiske ferdigheiter. Få betre fram at ein får ferdigheiter som kan brukast innafor fleire samfunnområde. Overførbare ferdigheiter som er anvendelege innafor ulike sektorar.  

  • Språk. Verktøyet HF’arar har jobba med er språket. Språket er eit verktøy for formidling, forståing og analyse. Lærer å rasjonalisere språk: tydeleg, poengtret, presist 

  • Kulturforståing. Viktig for dei som vil jobbe internasjonalt. Språkstudiar er ikkje berre språklæring.  

  • Kontekst. I dagens samfunn er kontekstforståing viktig. Å evne å ikkje sjå alt i svart/kvitt.  

  • Generalist. At ein blir ein generalist er også ein fordel i arbeidslivet. Ein kan gjere mange forskjellige oppgåver i ulike jobbar.  

  • Kompetanse. Viktig å synleggjere for studentane kva ein kan som humaniorastudent. Også viktig å synleggjere dette for arbeidsgivarar. Og foreldrene.  

  • Praksis. Det er lurt for studentane å bygge praksis i løpet av studia. Viktig med praksisemne. Det er også bra for arbeidsgjevar å sjå at studenten har vore i praksis. Ein treng folk som også har praktisk metodikk inne, ikkje berre akademisk ballast. 

  • Kritisk tenking meir viktig på HF enn på resten av universitetet. Viktig å få fram dette.  

  • Tverrfaglig. Gi studentane betre hjelp med å velge dei frie studiepoenga for å gjere studia meir arbeidslivsrelevante, som for eksempel: Historie + økonomi. Lingvistikk + forvaltning. Gir to bein å stå på. Programnavn som «historie og kontekstforståing» kan gjere det lettare å forstå kva studiet inneber.  

Eg får ofte spørsmålet «har du fått bruk for den masteroppgåva di om Pål Brekkes lyrikk». Svaret er JA – det er noko av det smartaste eg har gjort, fordi det å bruke så mykje tid på å lese så vanskeleg tekst – det var veldig lurt. Det er det verktøyet eg har lært mest av.

Sitat: Ida Holen, Kommunikasjonsrådgjevar for Strawberry/Petter Stordalen

Mandat

Arbeidsgruppa skal setje i gang ein grundig gjennomgang av studieporteføljen ved HF, ut frå følgjande føresetnader:

  • Det skal identifiserast kva program det er særskilte utfordringar knytt til rekruttering og gjennomføring.
  • Program- og emneportefølje skal forenklast. Dette kan innebere nedlegging eller omorganisering av program.
  • Det skal arbeidast med tiltak for å styrkje kvalitet og gjennomføring i programma.
  • Det skal vurderast å opprette program med tverrfagleg profil og klar arbeidsrelevans. 
  • Arbeidsgruppa skal ta omsyn til pågåande og framtidige prosessar knytt til studieporteføljen ved fakultetet: Implementering av ny modell for lektorprogramma, arbeidet med å etablere eit FPØ-program og å utarbeide ein strategi for EVU-tilbodet ved HF.

Prosess

Fakultetet har arbeidd med å forankre dei pågåande prosessane i fagmiljøa sidan hausten 2022, då det vart gjennomført allmøte på alle institutt og einingar på fakultetet, i tillegg til eigne møte med alle fagkoordinatorar.

Hausten 2023 vart det òg arrangert eit seminar der alle fagkoordinatorar ved fakultetet kome med innspel til prosessen, i tillegg til eit allmøte. Det vart gjeve løypemeldingar om framdrifta i prosjektet til fakultetstyret og studiestyret.

Denne nettsida vert òg oppdatert undervegs med informasjon om framdrifta i prosjektet. Alle tilsette ved fakultetet vert oppmoda om å kome med innspel undervegs i prosjektperioden.

Organisering

Prosjektet er organisert gjennom ei arbeidsgruppe, ei ekstern referansegruppe og eit internt arbeidsutval på fakultetet som står for den daglege drifta i prosjektet.

Arbeidsgruppe

  • Svein Ivar Angell, visedekan for utdanning ved HF (leiar)
  • Steinar Bøyum, instituttleiar, FoF
  • Anders Fagerjord, instituttleiar, LLE
  • Martin Paulsen, instituttleiar, IF
  • Teemu Ryymin, instituttleiar, AHKR
  • Kari Jegerstedt, senterleiar, SKOK
  • Rasmus T. Slaattelid, senterleiar, SVT
  • Jesse Tomaly, undervisningskoordinator, FoF
  • Torodd Kinn, undervisningskoordinator, LLE
  • Birger Solheim, undervisningskoordinator, IF
  • Christian Sæle, undervisningskoordinator, AHKR
  • Hanne Svanholm Misje, rådgjevar ved studieseksjonen, HF
  • Unni Utvik, seniorrådgjevar, HF
  • Jan Jacob Hoffmann, studieleiar, AHKR
  • Studentrepresentantar

Arbeidsgruppa møtest ein gong i månaden.

Ekstern referansegruppe 

  • Sverker Sörlin, professor i miljøhistorie, Kungliga Tekniska Högskolan, Stockholm 
  • Johanna Gillow, byantikvar, Bergen kommune
  • Ida Holen, kommunikasjonsrådgjevar, Petter A. Stordalen   
  • Kjersti Rognes Solbu, lektor Fyllingsdalen vgs. 
  • Arnt Ola Fidjestøl, fylkesarkivar, Vestland fylkeskommune
  • Vidar Pedersen, underdirektør, Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse
  • Kristin Werdelin Bergan, rådgjevar, Utenriksdepartementet

Internt arbeidsutval

  • Svein Ivar Angell, visedekan for utdanning
  • Hanne Svanholm Misje, rådgjevar ved studieseksjonen, HF
  • Unni Utvik, seniorrådgjevar, HF
  • Jan Jacob Hoffmann, studieleiar, AHKR

Arbeidsutvalet har møte kvar veke.