Hjem
Det humanistiske fakultet

Godkjenning av studieopphald i utlandet ved Det humanistiske fakultet

Du må søke om førehandsgodkjenning av emna du planlegg å ta før du reiser på utveksling, og om endeleg godkjenning av studia du har gjennomført etter at du kjem heim frå utenlandsopphaldet.

Bilde fra Freie Universität Berlin
Du kan reise ut på en av UiB sine sentrale avtaler eller på en av avtalene ved fakultetet eller instituttet ditt.
Foto/ill.:
Freie Universität Berlin

Hovedinnhold

Alle studentar som skal reise på utveksling må søke om førehandsgodkjenning av emna du skal ta i utlandet før du reiser ut. Når du kjem heim etter opphaldet, må du søke om endeleg godkjenning av emna du har tatt eksamen i. Ved søknad om førehandsgodkjenning må du legge ved emneomtale og litteraturliste for emna du skal ta. Dersom du ser i løpet av utvekslingsopphaldet ditt at du må gjere endringar i emna du har fått førehandsgodkjent, så er det viktig at du har dialog med studiekonsulenten din på UiB om det, slik at vi kan oppdatere førehandsgodkjenning. Dette vil og gjere jobben med endeleg godkjenning lettare. 

Førehandsgodkjenninga gir deg rett til støtte frå Lånekassen til utveksling, og vi registrerer i utdanningsplanen din at du planlegg å ta emner ved eit anna universitetet.

Når du er ferdig med opphaldet og søker om endeleg godkjenning av studiet ditt, er det for at opphaldet skal bli registrert i utdanningsplanen din. Når siste godkjenning er på plass, blir utvekslingsopphaldet rapportert til Lånekassen som ein del av utdanninga di ved UiB.

Søknadsskjema

Før opphaldet:

Etter opphaldet: