Endring av eksamensordning: ex.phil.
Dersom du har for stort fråvær eller av andre årsaker ikkje kan fullføre seminarmodellen, kan du melde overgang til skuleeksamen.
![Descartes' famous dictum Descartes' famous dictum](https://www.uib.no/sites/w3.uib.no/files/styles/content_main/public/media/cogito2_0.jpg?itok=bA_doQJ6×tamp=1366621764)
Hovedinnhold
Det er mogleg å melde overgang til skuleeksamen, om du er meldt til seminarmodellen. Når du har meldt overgang får du tilgang til all nødvendig informasjon på Mitt UiB. Siste frist for å melde overgang finn du også på Mitt UiB.
For å melde om endring av eksamensordning, uansett fakultetsvariant, må du sende ein epost frå studentepostadressa di til exphil@uib.no der du skriv "Endring av eksamensordning: ex.phil" i emnefeltet. I sjølve e-posten fører du opp namn, studentnummer og telefon.
E-posten blir rekna som ei stadfesting på at du vil melde deg av seminarmodellen i ex.phil, og opp til skuleeksamensmodellen.