Hjem
Det humanistiske fakultet

Retningsliner for oppfølging av tilsette med inneklimaproblem

Rutinar for oppfølging av tilsette som får problem med inneklima ved Det humanistiske fakultet. Vedtatt i fakultetsstyret 16.11.2010.

Hovedinnhold

1: Formål
Formålet med rutinane er å vise korleis arbeidsgjevar skal følgje opp tilsette som opplever fysiske helseplager knytt til inne- miljøet på arbeidsplassen.

2: Omfang
Denne rutinen gjeld for alle arbeidsplassar ved HF.

3: Definisjon
Med inneklimaproblem meiner ein her helseplager som irritasjon i slimhinner (øvre luftveier og augo) og hud, unormal trøyttleik ogleller hovudverk. Symptoma skal være knytt til opphald på arbeidsplassen og fråverande eller vesentlig redusert ved opphald andre stadar.

4: Ansvarsfordeling

  • Den tilsette har ansvar for å melde frå til næraste leiar om inneklimaproblema han/ho opplever.
  • Arbeidsgjevar, v/instituttleiar og fakultetsdirektør, har ansvar for at gjeldande rutinar blir gjennomført. Det praktiske arbeidet kan delegerast, men ansvaret ligg likevel fast.
  • HMS-seksjonen kan hjelpe til med kartlegging og vurdering av inneklimaproblem, og foreslå tiltak.
  • Eigedomsavdelinga ved driftsleiar skal følgje opp bygningsmessige forhold som kan være relevant i kvart einskilt tilfelle.

5: Førstehjelp og progresjon
Å ta raskt fatt i problemet er svært viktig for ei god og snarleg løysing.

  • Når ein tilsett melder om inneklimaproblem, må arbeidsgjevar straks avtale samtale med hanlhenne for å utdjupe og klargjere problemet.
  • Den tilsette skal flyttast til anna kontor så sant det er mogleg, for å sjå om problema blir bortelredusert der.
  • Den tilsette må bli informert om at han/ho bør bestille time ved Arbeidsmedisinsk poliklinikk for utgreiing. Bedriftslegen og/eller fastlegen kan samstundes kontaktast.
  • Om problemet ikkje kan løysast ved eininga, må næraste leiar kontakte HMS-seksjonen for å avtale befaring av arbeidsplassen saman med driftspersonale og den tilsette. Verneombodet skal delta på befaringa. Etter ei samla vurdering vil HMS-seksjonen melde tilbake om resultatet av befaringa og foreslår tiltak.

6: Organisering ved UiB-rolleavklaring
Næraste leiar er personalansvarleg, og vil difor være den som koordinerer saka og sørger for framdrift til den er løyst. Han/ho kan delegere det praktiske arbeidet, men ikkje ansvaret.

Verneombod skal informerast ved inneklimaproblem og delta i problemløysinga slik det går fram av lover og forskrifter for vernetenesta.

HMS - seksjonen er fagavdeling for helse, miljø og sikkerheit, som gir råd om tiltak både til arbeidsgjevar og arbeidstakar og er oppdatert på relevant lovgiving.

Bedriftslegen og Arbeidsmedisinsk poliklinikk er sentrale i utgreiing av tilsette med inneklima-problem.

Eigedomsavdelinga er fagansvarleg for bygningsmassen ved UB, og undersøkjer/gir råd ved bygningsmessige manglar. Kontakt til Eigedomsavdelinga må gå gjennom HMS- avdelinga eller fakultetet, med unntak av Lydia-meldingar til Bygningsdrift.

Fakultetet skal informerast om saka og involverast dersom inneklima-problema ikkje blir løyst lokalt.

Personal- og organisasjonsavdelinga sentralt (POA), blir involvert om
saka ikkje kan løysast innan fakultetet.

Tillitsvalde tek vare på den tilsette sine interesser i tråd med regelverk for fagforeiningsapparatet.

7: Lover og reglar

  • Arbeidsmiljølova (sjå særleg § 4.2 - 2b)
  • Lov om forbod mot diskriminering på grunn av nedsett funksjonsevne § 12 - plikt til individuell tilrettelegging
  • IA-avtalen
  • Rutinar for oppfølging av sjukemelde
  • Hovudavtalen