Dr.philos.
Dr.philos. (doctor philosophiae) er ei fri grad som er likestilt med ph.d.-graden, men som ikkje er omfatta av ordningane for den organiserte forskarutdanninga, som til dømes rettleiing og opplæringsdel.
Hovedinnhold
Det eksisterer ei eiga dr.philos.-forskrift som gjer greie for vilkåra for denne graden.
Ein kandidat som oppfyller forskrifta sine vilkår kan søke fakultetet om å få framstille seg for dr.philos.-graden.
Søknaden skal sendast via det institutt eller senter som forvaltar det aktuelle fagområdet, og det er ønskjeleg at kandidaten tek kontakt med den aktuelle institutt/senter før søknaden blir sendt inn. Grunneininga vurderer då om avhandlinga er å rekne som eit vitskapleg arbeid, og om den fell innanfor grunneininga sine fagområde. Dersom desse kriteria er oppfylte vil søknaden bli formidla til fakultetet for endeleg vurdering.
Dersom søkaren er usikker på kva som vil vere rett grunneining kan vedkomande ta kontakt med fakultetet for hjelp til avklaring.
Ein gyldig søknad består av søknad på godkjent skjema og påkrevde vedlegg.
Dersom avhandlinga ikkje er skriven på norsk, svensk, dansk eller engelsk, er det grunneininga som ivaretek fagområdet for avhandliga som vurderer kva for avhandlingsspråk som kan ivaretakast på ein forsvarleg måte.
Dr.philos.-graden blir gitt på grunnlag av godkjent avhandling, 2 prøveforelesingar (sjølvalgt og oppgitt emne), samt tilfredsstillande forsvar i offentleg disputas.
Ei avhanling som er skriven innanfor rammene av den organiserte forskerutdanninga kan ikkje leverast inn til vurdering for dr.philos.-graden.
Dette er grunneiningane ved Det humanistiske fakultet: