Hjem
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier
.

Standardordbøkene

Dette er nettsida til redaksjonen til standardordbøkene Bokmålsordboka og Nynorskordboka på ordbøkene.no. Sida blei utvikla som ein del av Revisjonsprosjektet, eit samarbeidsprosjekt mellom Universitetet i Bergen og Språkrådet som starta opp i 2018 og gjekk ut 2024. Arbeidet med standardordbøkene er finansiert av Kultur- og likestillingsdepartementet, og redaksjonen held fram med vedlikehald og vidareutvikling av ordbøkene etter at prosjektperioden er over.

Noverande og tidlegare redaktørar og stipendiatar på Revisjonsprosjektet
Foto/ill.:
Noverande og tidlegare redaktørar og stipenditatar på Revisjonsprosjektet, UiB

Hovedinnhold

Revisjonsprosjektet 20182024

Revisjon av Bokmålsordboka og Nynorskordboka (Revisjonsprosjektet) var eit sjuårig samarbeidsprosjekt mellom Universitetet i Bergen (UiB) og Språkrådet. Målet var å gjennomføre den første gjennomgåande innhaldsrevisjonen sidan desse to norske standardordbøkene først blei trykte i 1986. Sluttrapporten til prosjektet gjer greie for korleis prosjektet blei gjennomført og kva mål som blei oppnådd. I CLARINO ligg to opent tilgjengelege datasett med orda som blei lagt til i standardordbøkene i prosjektperioden:

Nyordsliste etter revisjonen av Bokmålsordboka (2018–2024)

Nyordsliste etter revisjonen av Nynorskordboka (2018–2024) 

Vi set pris på at du siterer standardordbøkene om du lastar ned og brukar datasetta. Kontakt redaksjonen på e-postadressa ordbok@uib.no om du treng meir informasjon eller andre typar data. 

 

Sjølv om Bokmålsordboka og Nynorskordboka i si tid blei utforma av to redaksjonar som samarbeidde tett, har dei delvis vore ulike i omfang og utforming. Når brukarane i dag nyttar nettsida ordbøkene.no, får dei ordbøkene opp ved sida av kvarandre, og ulikskapane mellom ordbøkene blir ofte tolka som ulikskapar mellom bokmål og nynorsk – sjølv om det langt frå alltid er tilfelle. Ein viktig del av oppdraget til Revisjonsprosjektet har derfor vore å gjere ordbøkene likare i struktur og omfang så lenge det er grunnlag for det i dei to skriftspråka. Redaktørane har dessutan sett på om definisjonar, bruksdøme og faste uttrykk er i tråd med dagens språkbruk, og vi har fylt på med ord og tydingar som har kome til.

Bokmålsordboka og Nynorskordboka er dei einaste fritt tilgjengelege digitale ordbøkene som gjer greie for heile breidda av normerte former. Dei blir løpande oppdaterte i tråd med nye rettskrivingsvedtak i Språkrådet, og saman utgjer dei fasiten for korleis ord skal skrivast og bøyast i norsk.

Alle artiklar har blitt reviderte og kvalitetssikra i redaksjonen ved UiB (sjå under), så korrekturlesne av ein av seniorkonsulentar i Språkrådet (Ålov Runde, Knut E. Karlsen, Dagfinn Rødningen og Sturla Berg-Olsen), før dei har blitt publisererte på ordbøkene.no. 

Ordbokartikkel 

revisjonsprosjekt n3    

kortform av et bestemt forskningsprosjekt: Revisjon av Bokmålsordboka og Nynorskordboka. Samarbeidsprosjekt (2018–2024) mellom Språkrådet og Universitetet i Bergen (tilknyttet Språksamlingene på Universitetsbiblioteket og Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier). Formålet med prosjektet er å sikre at Bokmålsordboka og Nynorskordboka forblir de viktigste kildene til norsk rettskriving.

Revisjonsprosjektet skal fornye og forbedre ordbøkene 

Nyhendeoppslag 
Ordbøker

Ordbank og ordbok i Språksamlingane

Leksikograf Bjørghild Kjelsvik snakkar om ordressursar i Språksamlingane