Hjem
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier
Mastergradsstipend

Utlysing av masterstipend knytt til UiB-ordbøkene

Våren 2025 skal ordbokredaksjonane ved UiB dele ut to stipend, kvart på 25 000 kroner, til mastergradsstudentar som skriv språkvitskapleg oppgåve med relevans for fagområdet leksikografi.

Bilde av Bibliotek for humaniora som speglar seg i ein pytt
Foto/ill.:
Signe Nilssen

Hovedinnhold

Ved Universitetet i Bergen (UiB) pågår det arbeid med tre store nasjonale ordbøker. Bokmålsordboka og Nynorskordboka skal primært dokumentere moderne og vanleg språkbruk i skriftspråka bokmål og nynorsk, medan Norsk Ordbok både dokumenterer norsk talemål etter 1600 og utviklinga av det nynorske skriftspråket. I tillegg til å fornye Bokmålsordboka, Nynorskordboka og Norsk Ordbok i innhald og form, skal ordbokredaksjonane bidra til å byggje eit fast vitskapleg fagmiljø i leksikografi ved Universitetet i Bergen. I samband med denne fagmiljøbygginga ønskjer vi meir forsking på og med utgangspunkt i dei tre ordbøkene. Stipendtildeling føreset at mastergradsprosjektet er knytt til éi eller fleire av UiB-ordbøkene. Ordbokredaksjonane ved UiB samarbeider tett med NAOB, så ei jamføring mellom fleire av desse ordbøkene er òg av interesse.


Ordbøker kan ein studere ut frå mange perspektiv, som grammatikk, semantikk, pragmatikk, etymologi, uttale, sosiale og geografiske tilhøve, forholdet mellom norm og språkbruk, importord/avløysarord/norvagisering, lemmautval, fraseologi, ordbokbruk, korpuslingvistikk med meir. Andre tema kan vere relevante for ordbokredaksjonane sjølv om dei ikkje direkte handlar om ordbøker og leksikografi, t.d. problemstillingar knytt til språkmodellering og utvikling av språkressursar og -verktøy for norsk. I språkteknologisk samanheng er det stadig behov for fleire og betre ressursar. Dette gjeld mellom anna verktøy for morfologisk og semantisk analyse, vidareutvikling av korpus og kopling mellom eksisterande ressursar. Konkretiseringar av mogelege prosjekt finn du på sida om ordbokarbeid ved UiB. Der kan du òg finne meir informasjon om kva språkressursar er og kva dei kan brukast til.

Aktuelle prosjekt og søkjarar

Aktuelle UiB-studentar har som regel rettleiar ved nordisk språk eller allmenn lingvistikk ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE). Studentar ved andre norske universitet og høgskular må ordne med rettleiing ved sine heimeinstitusjonar. Det kan vere aktuelt at forskarar ved ordbokredaksjonane bidreg som medrettleiarar. Det er ei målsetjing at dei som får tildelt stipend, på ulike måtar får høve til å bli kjende med den leksikografiske aktiviteten.


Søkjarane kan vere på ulike stadium i skriveprosessen: Du kan vere i gang med masteroppgåva eller i ferd med å utforme eit prosjekt. Masteroppgåva bør vere levert i løpet av vårsemesteret 2026.

Søknaden må innehalde

  • ei skisse på maksimum tre sider der du gjer greie for problemstillinga og metoden – det bør også gå fram kor langt du er komen i arbeidet og kva leksikografisk relevans du meiner prosjektet ditt har.  
  • kort info om kva fagmiljø du er knytt til og kven som er rettleiaren din (om det er avklart)
  • karakterutskrift eller vitnemål frå høgare utdanning

Om du ønskjer, kan du sende eit skisseutkast til margunn.rauset@uib.no eller gyri.losnegaard@uib.no seinast 1. november og få ei kort tilbakemelding på dette. 

Ordbokredaksjonane kjem til å prioritere mastergradsprosjekt som vi vurderer har størst relevans for det leksikografiske fagmiljøet. Redaksjonane tek atterhald om at det ikkje blir delt ut stipend om det ikkje kjem inn søknader vi meiner er gode eller relevante nok.