Hjem
Det psykologiske fakultet

Helseforsking - REK

Når det gjeld helseforsking er det Regionale komiteer for medisinsk og helsefaglig forskingsetikk (REK) som etter helseforskingslova og forskingsetikklova skal førehandsgodkjenna forskingsprosjekta.

Hovedinnhold

Dersom eit forskingsprosjekt vert definert som helseforsking har forskarar meldeplikt til REK.

REK gjer ei vurdering av om medisinsk og helsefagleg forsking vert driven på ein god og etisk forsvarleg måte. I dette ligg at ein veg nytte og risiko mot kvarandre og vurderer om personvernet er sikra.

På sine nettsider har REK eit elektronisk meldeskjema som skal nyttast ved innmelding av forskingsprosjekt som skal behandla personopplysingar.