Hjem
Senter for vitenskapsteori
Nytt studietilbod

Møt klimautfordringane med internasjonalt samarbeid i nytt UiB-emne

Ta ansvar for dei gjennomgripande utfordringane i vår tid saman med motiverte studentar frå rundt om i Europa i det nye emnet "Facing Grand Challenges: A European research program".

Flooded dock
Er vi klare til å handle og gjennomføre reelle forandringar før vi blir våte på føttene av eit stigande hav som kjem av klimaendringar?
Foto/ill.:
Colourbox

Hovedinnhold

"Facing Grand Challenges: A European Research Programme" er eit heilt nytt emne som er ope for alle UiB-studentar, der ein jobbar med gruppeprosjekt for å utforske klimarisiko i Bergen. Vi ønskjer velkommen alle studentar med interesse for dei store utfordringane i vår tid, og som ønskjer førstehandserfaring i å gjennomføre eit forskingsprosjekt. Emnet er ein del av UiB sitt bidrag til Arqus-alliansen og er eit samarbeid mellom Senter for klima og energiomstilling og Senter for vitskapsteori. Registreringa er open fram til 15. januar 2021.

 

Dei komande tiåra vil Europa trenge å reagere raskt på ei rekke utfordringar som migrasjon, klimaendringar, sosial ulikheit og forvitring av demokratiske institusjonar.

Felles for desse utfordringane er at dei alle er karakterisert av kompleksitet, usikkerheit, etiske dillema og tidspress. Våre felles samfunnsutfordringar tvingar oss til å tenke over korleis vi bør handle som europearar. Emnet kombinerer teori og praksis med praktiske verktøy for å ta tak i komplekse økonomiske, politiske og miljømessige spørsmål i vår tid.

Våren 2021 vil deltakarane i kurset arbeide i tverrfaglege grupper i tett samarbeid med lokale institusjonar på eit sjølvdefinert forskingsprosjekt som undersøker handlingsplanar for å handtere klimaendringar i Bergen. Prosjekta kan dreie seg om alt frå jordskred til oversvømming. Samtidig vil du få moglegheit til å samarbeide og samanlikne resultat med studentar og forskararar frå dei sju andre universiteta i Arqus-alliansen. Saman byggjer de ein portfolio-rapport om funna dykkar som skal leverast til Europakommisjonen, som viser innverknaden av faren for klimaendringar i Europa og kva ansvar europeiske innbyggjarar har for å møte desse.

Vinterskule

Emnet går av stabelen med ein fem dagar lang vinterskule i fellesskap med studentar frå dei andre Arqus-universiteta. Her får du innføringar om klimaendringar i Europa og korleis desse kan handterast. Du vil få utvikla praktiske ferdigheiter gjennom intensive workshops for å kunne kartleggje klimarisiko i Bergen gjennom ulike klimadata og korleis vi tolkar desse.

Forskingsprosjekt

Etter vinterskulen vil deltakarane i grupper få gjennomføre sine eigne tverrfaglege utfordringsbaserte forskingsprosjekt i samarbeid med lokale institusjonar. For å støtte opp under dette arbeidet vil emnet kombinere digitale læringsmodular der ein får lære av og samarbeide med leiande ekspertar og studentar frå fleire europeiske land. Ein får også rettleiing lokalt ved UiB frå forskarar her. Resultatet frå forskingsprosjekta er ein prosjektrapport og presentasjon av denne.

Studentar på kurset lærer seg sentrale ferdigheiter for å delta i eit tverrfagleg forskingsprosjekt

Gjennom arbeidet i emnet vil du få høve til å utvikle sentrale ferdigheiter som trengs for å drive eit tverrfagleg forskingsprosjekt, arbeide med aktørar i feltet og frå ulike forskingsfelt, og lære korleis ein set opp eit forskingsproblem, brukar metode og skriv ein forskingsrapport. Du vil også få høve til å gje og få tilbakemeldingar på arbeid frå dine medstudentar som ein del av læringsprosessen.

Ei studentleia tilnærming

Dette emnet byggjer på aktiv deltaking frå studentar. Gjennom å delta i diskusjonar, workshops og refleksjonar vil du bidra til di eiga og andre si læring. Gjennom å leia eigne prosjekt får du kjenne på korleis ein tek avgjerder og styrer eit prosjekt i ei retning. Du vil også få moglegheit til å aktivt ta del i planlegging av undervisning og seminar og får såleis vere med å styre innhaldet i undervisninga.