Hjem
Senter for vitenskapsteori
Senter for framifrå forsking

SVT-søknad i finalen for å bli Senter for framifrå forsking

Av 161 søknader blei SVT sin søknad Centre of Actionable Knowledges (AcKnowledges) plukka ut blant dei 36 som gjekk vidare til siste runde av utlysinga.

Smilande mann med briler og svart skjorte sit framfor ein laptop og ein ekstern skjerm
Ein glad Jeroen van der Sluijs les den gode nyheiten frå Noregs Forskingsråd.
Foto/ill.:
Kamilla Stølen

Hovedinnhold

Nyheiten blei annonsert av Noregs Forskingsråd 11. juni. Senter for framifrå forsking (SFF) skal fremje langsiktig forsking som har et stort potensiale for banebrytande resultat. Utlysinga skjer i to trinn, og første trinn i utlysinga hadde søknadsfrist 18. november 2020.

AcKnowledges er blant sju av totalt 25 søknader frå Universitetet i Bergen som kom vidare til runde to. Tre av SFF-finalistane tilhøyrer Det humanistiske fakultetet, som fekk alle sine søknader vidare i denne runden av SFF.

Viktig anerkjenning

Professor ved SVT, Jeroen van der Sluijs, leier arbeidet med initiativet AcKnowledges, og han er særs glad for at det harde arbeidet fram mot fristen i runde ein har gjeve resultat.

– Vi er utruleg glade for at den den breie, tverrfagleg ekspertkomiteen har valt ut vår søknad. Dette er ei viktig anerkjenning av vår diagnose: At det er på høg tid med ein reform i evidensbasert avgjerdstaking. 

Kan bidra til ei massiv endring

Van der Sluijs har i søknadsprosessen hatt med seg forskarar frå både SVT, Det samfunnsvitskaplege fakutetet og Det medisinske fakultetet ved UiB, samt fleire internasjonale institusjonar. Den føreslåtte senterleiaren er ingen nybegynnar når det gjeld slike søknader: I 2016 kom hans dåverande søknad Centre of Responsible Evidence Appraisal også vidare til runde to i SFF-utlysinga.

Dersom søknaden hans denne gongen fører heilt fram, meiner van der Sluijs at dei gjennom det føreslåtte senteret kjem til å bidra til ei massiv endring i den samfunnsmessige organiseringa av ekspertise, noko som vil gjere det enklare å inkludere og utnytte det fruktbare mangfaldet både i og utanfor vitskaplege krinsar.

– Tilnærminga vår vil gjere det mogleg å inkludere eit større mangfald av perspektiv og kunnskapsformer i samskapinga av handlingsbar kunnskap.

Forskargruppe med unikt utgangspunkt

Professoren meiner at forskargruppa i det føreslåtte senteret har eit unikt utgangspunkt for å jobbe slik i grensesnittet mellom kunnskap og handling.

– Forskargruppa i AcKnowledges kan bygge på ei lang merittliste innanfor kritisk forsking i dette samme grensesnittet. Denne sjeldne kombinasjonen av forskarar vil kunne støtte opp om reformeringa av ekspertise vi ser for oss å kunne gjennomføre; ei reformering som baserer seg på ei anerkjenning av behovet for å inkludere eit fleirtal av perspektiv, utvida dialogar og samskaping.

Dei rundt 11 sentra som kjem til å få støtte blir kunngjort i juni 2022. Fristen for å sende inn søknad i runde 2 er 15. september, og van der Sluijs og forskargruppa hans er no klare for å jobbe gjennom sommaren med neste del av søknaden.